Beinkjør er eit rock/punk band som vart starta i Lærdal i Sogn og Fjordane i 2000.
Bandet spelte inn tre plater på CD-R, delvis på hybel og delvis i eit nedlagt pelsslaktarhus i perioden 2000 til 2002.
Sumaren 2002 flytta dei til Bergen for å prøve lukka i det harde punkmiljøet og rekrutterte ny trommeslagar.
Bandet spelte ei rekke konsertar rundtom i landet imellom 2002 til 2006. I 2007 spelte dei på festivalen Støy i Sogndal, i januar og på festivalen Fres i Fresvik. Plata Rock For Rus kom ut i 2008. Blant «Såggning» og «Framtid i Lærdal» inneheldt plata tyske gloser, direkte engelske oversettingar, snodige punklåtar og ein coverlåt av E68, der teksten var skrive av den dåverande politimannen Kristen Olav Grøttebø.
I 2010 gjekk bandet i studio med ny leadgitarist og spelte inn ein slags temaplate om folket og livet i Lærdal og Indre Sogn. 15. november kom albumet Skot & Skrømt.
Etter to oppløysningar, steinras, og flaum spelar dei enno.
Enn so lenge, i alle fall.
Medlemmer Noverande medlemmar Knut alias Ronny Overtredelse - vokal Marius Tjugum - Gitar Maiken Andreassen - Bass Karl Faen - Trommer Vemund Osland - Gitar + Skummel bakmann
Tidlegare medlemmar Motorhåve - trommer (førekom òg med Dei Nye Norske Vampyrane og med Pao Kantn Kaffidrikkjarlag under namnet Hammerhead) Inge N. - bass (forsvann sporlaust) Kåre Kriminell - bass (henta inn frå Candy Kings og Art Sabotage, spelar no i Krakow) Værste Duden - bass (frå Tarmer og Quasimojo) Ragg - bass (frå Bitches & Bastards og Freak Oi! Accident. Lærte settet på ein halvtime og steppa inn på ein konsert i Kjærrafossen) Stash Bastard - bass (frå Teenage Highway) Bowitz - bass (frå Seidel og Di Kjipe. Var med i omtrent ei veke) Dennis Dealer - bass (Frå Tarmer og Svettlana & The Punkrock Trio) Bassisten i Beinkjør - bass (frå Fjelg og Kaosgenerator) Rytmegitaristen i Beinkjør - rytmegitar (frå Fjelg og Kaosgenerator) Ronny alias Ottar Oppvigler – Trommer Christopher alias Jahn Deigen - bass Torbjørn Ringstad - elektrisk sologitar Frank Forelegg - Bass
Diskografi Vi Skal Storme Slottet EP CD (2000) Radio Beinskjør Album CD (2001) Faen Album CD (2002) Rock For Rus Album CD (2008) Skot & Skrømt Album CD (2010)
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside Spotify Beinkjør på Facebook Beinkjør på Instagram Nrk Urørt Profil Groove.no Tigernet
Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Lærdal kommune Kategori:Musikkgrupper skipa i 2000