Kevin-Prince Boateng () er ein tysk-ghanesisk fotballspelar frå Vest-Berlin. Han var ein offensiv midtbanespelar som i 2011 vart seriemeister i Italia med AC Milan og 2018 tysk pokalmeister med Eintracht Frankfurt.

Klubbspel Boateng gjorde teneste for klubblag i Tyskland, England, Italia og Spania. Han debuterte i 2005 med Hertha Berlin og la opp som Hertha-spelar då den same klubben våren 2023 rykte ned frå bundesliga. I mellomtida, 2007–21, spelte han for 12 ulike klubblag. Flest seriekampar fekk han med italienske AC Milan med 114.

Landslagsspel Boateng spelte 15 kampar for ulike tyske ungdomslandslag, før han i 2010 valde å verte landslagsspelar for Ghana. Åra 2010–14 kom han på bana i 15 landskampar for Ghana, og deltok i begge verdsmeisterskapane 2010 og 2014. Han skåra 2 mål for Ghana.

Merittar Italiensk seriemeister: 2011 for AC Milan Vinnar av DFB-pokalen: 2018 for Eintracht Frankfurt Finalist i FA-cupen: 2009 for Portsmouth FC

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kevin-Prince Boateng» frå , den 11. september 2026.

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Ghanesiske fotballspelarar Kategori:Milan-spelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:Portsmouth-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014