Peter Andreas Morell (fødd Amundsen) () var ein norsk gardeigar og Høgre-politikar. Han var sosialminister frå 1926 til 1928.

Morell var fødd i Christiania, far hans var brukseigar. Etter å gått på Ås høiere landbruksskole, arbeidde han på faren si mylne, Bjølsen Valsemølle. Han overtok farsgarden Nedre Grefsen i 1890, seinare kjøpte han gardane Storo og Østre Grefsen. Etter tilhøva dreiv han moderne gardsbruk, tok mellom anna tidleg i bruk elektriske anlegg i gardsdrifta. Han drog ofte utanlands, både på studieturar og feriereiser.

Morell var medlem av heradsstyret i Aker 1895-1909 og 1911-16, ordførar i Aker 1902-07 og 1911-16.

Han var 1. varamann til Stortinget mellom 1903 og 1912, og møtte større delar av perioden 1904-06. 1905-06 var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Han fekk fast stortingsplass i 1919, og sat fram til 1927. Nestformann i protokollkomiteen 1919-20. I perioden 1920-26 var han formann i sosialkomitéen. Morell var sosialminister i Ivar Lykke si regjering frå 1926 til 1928. Sidan var han frå 1928 til 1938 stempelpapirforvaltar.

Morell vart tildelt både 7. juni-medaljen, Kongens fortjenstmedalje i gull, Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje og storkorset av Dannebrogordenen.

Han døydde i Oslo i 1948.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Lykke Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Ordførarar i Aker Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Politikarar frå Oslo