Prut-traktaten vart signert ved breidda av elva Prut mellom Det osmanske riket og Det russiske tsardømet den 21. juli 1711 og enda den russisk-tyrkiske krigen (1710–1711). Krigen var eit nederlag for Russland, men avtalen innebar at osmanarane trekte seg frå den store nordiske krigen, slik at russarane kunne konsentrere seg om andre motstandarar (hovudsakleg Sverige).
Avtalen gav Azov attende til osmanarane, Taganrog og fleire russiske festningar skulle øydeleggjast, og tsaren måtte love å ikkje blande seg inn i sakene til Det polsk-litauiske samveldet, som russarane i aukande grad klarte å påverke.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Treaty of the Pruth» frå , den 18. desember 2010.
Kategori:Russisk-osmanske krigar Kategori:Osmanske fredsavtalar Kategori:Russiske fredsavtalar Kategori:Hendingar i 1711