Karl Gustav-krigane (1655–1660, òg kalla den første nordiske krigen, den andre nordiske krigen eller den vesle nordiske krigen) vart utkjempa mellom Sverige og fiendane Det polsk-litauiske samveldet (1655–1660), Russland (1656–1658), Brandenburg-Preussen (1657–1660), Habsburgmonarkiet (1657–60) og Danmark-Noreg (1657-1658 og 1658–1660). Dei sameinte Nederlanda blanda seg ofte inn mot Sverige.

I 1655 invaderte og okkuperte Karl X Gustav av Sverige det vestlege Polen-Litauen, den austlege halvdelen var alt okkupert av Russland. Den raske svenske framrykkinga vart i Polen kjend som den svenske syndfloden. Storhertugdømet Litauen vart eit svensk len, dei polsk-litauiske armeane overgav seg og den polske kognen Jakob II Kasimir Vasa flykta til habsburgarane. Kurfyrste Fredrik Vilhelm I av Brandenburg og hertug av Preussen støtta i starten godsa i Det kongelege Preussen, men allierte seg med Sverige i byte for Hertugdømet Preussen som eit svensk len. Jakob II Kasimir Vasa utnytta dei såre religiøse kjenslene til katolikkane som levde i dei protestantisk-okkuperte områda og organiserte dei polsk-litauiske militære leiarane i Tyszowce-forbundet, og klarte slik å ta tilbake områda i 1656. Russland utnytta det svenske tilbakeslaget og erklærte krig mot Sverige og pressa inn i Litauen og Svensk Livland.

Karl X Gustav gav så Fredrik Vilhelm I full suverenitet i Hertugdømet Preussen i byte mot militær støtte, og med Radnot-traktaten allierte han seg med transilvanske George II Rákóczi som invaderte Polen-Litauen frå søraust. Jakob II Vasa fann ein alliert i Leopold I av Habsburg, og armeane hans kryssa inn i Polen-Litauen frå sørvest. Dette utløyste invasjonen til Fredrik III av Danmark av det svenske fastlandet våren 1657, i eit forsøk på å gjere opp for resultatet av Hannibalfeiden medan Sverige var oppteken andre stader. Brandenburg forlet alliansen med Sverige då dei fekk full suverenitet over Hertugdømet Preussen av den polske kongen med freden i Wehlau og Bromberg.

Fredrik III sin krig mot Sverige gav Karl X Gustav årsak til å forlate stillstanden i Polen-Litauen og kjempe mot Danmark i staden. Etter å ha marsjert armeen sin vestover og gjort ei farleg kryssing av dei islagde sunda over til Danmark vinteren 1657/58, overraska han ein uførebudd Fredrik III på dei danske øyane og tvinga han til å overgje seg. Med freden i Roskilde måtte Danmark seie frå seg alle dei danske provinsane i det som i dag er Sør-Sverige. Den anti-svenske alliansen hadde samstundes nøytralisert den transilvanske armeen og dei polske styrkane herja Svensk Pommern.

I 1658 bestemte Karl X Gustav at i staden for å dra attende til dei svenske skansane i Polen-Litauen, skulle han heller angripe Danmark på ny. Denne gongen stod Danmark imot åtaket og den anti-svenske alliansen følgde Karl X Gustav til Jylland og Svensk Pommern. Gjennom 1659 forsvarte Sverige skansane sine i Danmark og på sørsida av Austersjøen, dei allierte gjorde liten framgang og det vart forhandla fram ein fredsavtale. Då Karl X Gustav døydde i februar 1660, underteikna etterfølgjaren hans freden i Oliva med Polen-Litauen, Habsburg og Brandenburg i april og Freden i København med Danmark i mai. Sverige fekk helde dei fleste områda dei hadde fått i avtalen i Roskilde, Hertugdømet Preussen vart ein suveren stat, og elles gjekk områda stort sett tilbake til slik dei hadde vore før krigen starta. Sverige hadde alt underskrive ein våpenkvile med Russland i 1658, som førte fram til den endelege freden i Kardis i 1661.

Namn Av engelske, tyske, russiske og skandinaviske historikarar vert desse konfliktane ofte kalla den første nordlege krigen.Frost (2000), s.13 Uttrykket «den andre nordiske krigen», vart gjeven av polske historikarar (Druga Wojna Północna), og har seinare vorte mykje nytta på tysk og engelsk òg. Eit anna namn på krigane er den vesle nordiske krigen,Lloyd (1970), s. 172,176, som derimot òg kan vise til krigen i 1741-1743. I Polen vert «Syndefloden» nytta om krigen, men dette omgrepet vert òg nytta om andre krigar mot Sverige, Brandenburg, Russland, Transilvania og kosakkane.

Bakgrunn I 1648 enda freden i Westfalen trettiårskrigen, der Det svenske imperiet oppstod som ei ny stor europeisk stormakt i lag med Frankrike. I Hannibalfeiden, som var ein del av trettiårskrigen, hadde Sverige slått den tidlegare baltiske stormakta Danmark. Sverige hadde vore i fred med Russland sidan freden i Stolbovo hadde enda den ingermanlandske krigen i 1617.Anisimov (1993), s.52 Sverige hadde vore i krig med Det polsk-litauiske samveldet sidan den polsk-svenske krigen 1626–1629, som vart enda med fleire fornya fredsavtalar (Altmark, Stuhmsdorf).Press (1991), s.401

mini|venstre|Jan II Kasimir av Polen

På den andre sida hadde samveldet, under kong Jan II Kasimir av Polen sidan 1648 opplevd ei krise både som følgje av det kosakkiske Khmelnytski-opprøret i søraust og ein handlingslamma administrasjon på grunn av indre stridar i adelen, mellom anna feidar mellom kongen og den litauiske hetmanen Janusz Radziwiłł og feidar mellom sejmikar som hadde krangla sidan eit liberum veto i 1652. Samveldet mangla derfor eit godt forsvar.Frost (2000), s.163

I januar 1654 vart den antipolske Pereiaslav-alliansen signert mellom den opprørske kosakk-hetmanen Bohdan Khmelnytskij og Aleksej av Russland, som hadde kontroll over ein velutrusta arme som var i ferd med å moderniserast.Frost (2000), s.164 I 1654, då Karl X Gustav etterfølgde syskenbarnet Kristina på den svenske trona, rykte dei russiske styrkane inn i det uverna Samveldet, og ved å dra nordaustover hamna dei nær dei svenske interesseområda vest kysten av Austersjøen.Frost (2000), s.166 Sverige såg den store suksessen russarane hadde, og valde å blande seg inn for å verne den protestantiske folkesetnaden i Polen. Sverige hadde eit tett band til fyrsten av Transilvania og hadde som mål å slå katolikkane i Polen. Sverige fekk òg opprøret i Det kosakkiske hetmanatet, som stod i sterk opposisjon til det polske styret, på si side, og dei lovde militær støtte om kosakkane ville bryte med russarane.Hrushevsky (2003), s. 327 Bohdan Khmelnytskij sende eit tokt leia av oberst Halytsjyna, som snart kom attende på grunn av mytteri i eigne rekker. Leiaren av hetmanatet deltok ikkje i handlinga på grunn av dårleg helse.

Sverige var på denne tida eit ekspansivt imperium med ein arme forma for å oppretthalde inntektene i dei okkuperte områda. Dei var klar over at eit direkte åtak på kjerneområdet i Russland kunne føre til ein dansk-polsk-russisk allianse. Sverige vart hindra frå å danne ein svensk-polsk allianse då Jan II Kasimir nekta å droppe kravet om den svenske krona og fordi den polsk-litauiske adelen ikkje ønskte å avstå territorium og makt som ein allianse med Sverige ville koste dei.Frost (2000), pp.166-167Oakley (1992), s.85 Dei siste forhandlingane i Lübeck i februar 1655 enda utan resultat. Sverige gjekk derfor for eit åtak på Det polsk-litauiske samveldet for å kome fienden i forkjøpet og okkupere dei tilgjengelege områda før russarane.Frost (2000), s.167

Det svenske felttoget i Det polsk-litauiske samveldet mini|venstre|portrett|Karl X Gustav av Sverige venstre|mini|portrett|Arvid Wittenberg

Dei svenske styrkane gjekk inn i Polen-Litauen frå Svensk Pommern i vest og Livland i nord.Frost (2000), s.168 Divisjonen på den vestre flanken bestod av 13 650 mann og 72 kanonar kommandert av Arvid Wittenberg og gjekk inn i Polen den 21. juli 1655 iog ein annan arme på 12 700 til 15 000 mann kommandert av Karl X Gustav følgde i august, medan divisjonen på den nordlege flanken bestod av 7 200 mann kommandert av Magnus de la Gardie, som alt hadde erobra Dünaburg med dei den 12. juli.

På vestfronten møtte Wittenberg ein polsk hær på 13 000 mann, i tillegg til 1400 bondeinfanteristar. Adelen i Stor-Polen var klar over den militære overmakta til den veltrente svenske armeen, og overgav seg til Wittenberg den 25. juli i Ujscie etter slaget ved Ujście, og sverja så lojalitet til svenskekongen. Wittenberg oppretta ein garnison i Poznan (Posen).

På nordfronten signerte den litauiske hetmanen Janusz Radziwiłł freden i Kėdainiai med Sverige den 17. august 1655, og plasserte storhertugdømet Litauen under svensk vern. Sjølv om Radziwiłł hadde forhandla med Sverige før, under striden sin med den polske kongen, oppretta Kėdainiai eit krav om at dei to delane av samveldet, Polen og Litauen, ikkje skulle måtte kjempe mot kvarandre. Delar av den litauiske armeen gjekk derimot imot avtalen og danna eit forbund leia av magnaten Paweł Jan Sapieha i Wierzbołów.Frost (2000), s.170

mini|portrett|Paweł Jan Sapieha mini|venstre|portrett|Stanisław «Rewera» Potocki

Den 24. august slo Karl X Gustav seg saman med styrken til Wittenberg. Den polske kongen Jan II Kasimir av Polen forlet Warszawa same månad for møte den svenske armeen i vest, men etter nokre småkampar med den svenske fortroppen, trekte dei sørover til Krakow. Den 8. september okkuperte Karl X Gustav Warszawa, vendte så sørover for å møte den polske kongen. Kongane møttest i slaget ved Żarnów den 16. september, som med det neste møtet i slaget ved Wojnicz den 3. oktober, enda med siger for Sverige. Jan II Kasimir vart driven i eksil til Schlesien, medan Krakow vart overgjeve til Karl X Gustav den 19. oktober.Frost (2000), s.169

Den 20. oktober vart ein ny avtale ratifisert ved Kėdainiai i nord. Kėdainiai-unionen samla Litauen med Sverige, og Radziwiłł annerkjende Karl X Gustav som storhertug av Litauen. Dei neste dagane overgav det meste av den polske armeen seg til Sverige. Den 26. oktober overgav Koniecpolski seg med 5385 mann nær Krakow, den 28. oktober overgav feltkronhetman Stanisław Lanckoroński og storkornhetman Stanisław «Rewera» Potocki seg med 10 000 mann, og 31. oktober hæren ved Mazovia etter slaget ved Nowy Dwór.

Nesten heile Polen-Litauen okkupert og Brandenburg blandar seg inn mini|Tilnærma utstrekking av det svensk-okkuperte (lyst blått) og russisk-okkuperte (lyst grønt) Polen-Litauen

Samstundes hadde russiske og kosakkiske styrkar okkupert det austlege av Det polsk-litauiske samveldet så langt som til Lublin, med berre Lviv (Lemberg) framleis under polsk-litauisk kontroll. Seint i oktober drog Karl X Gustav nordover og forlet Wittenberg i Krakow med ein mobil styrke på 3 000 svenske og 2 000 polske soldatar, i tillegg til mange soldatar spreidd rundt i garnisonane, for å ta kontroll over den sørlege delen av det svensk-okkuperte samveldet.Frost (2000), s.172

I nord hadde adelen i Det kongelege Preussen signert ein forsvarsallianse med Kurfyrstedømet Brandenburg den 12. november i Rinsk-traktaten, som tillet brandenburgske garnisonar. Danzig (Gdansk), Thorn (Torun) og Elbing (Elblag) deltok ikkje i avtalen,Frost (2000), s.171 og Thorn og Elbing overgav seg til Sverige. Med Königsberg-traktaten frå 17. januar 1656, tok Fredrik Vilhelm I av Brandenburg og hertug av Preussen Hertugdømet Preussen, eit tidlegare polsk len, som eit len frå Karl X Gustav. Dei brandenburgske garnisonane i Det kongelege Preussen vart trekte attende, og då Marienburg (Malbork) overgav seg i mars, var Danzig den einaste byen som ikkje var under svensk kontroll.

Den raske svenske invasjonane og okkupasjonen av dei polsk-litauiske områda vart i Polen kjend som «(den svenske) syndefloden».Press (1991), s.402Frost (2004), s.3Oakley (1992), s.94Kozicki & Wróbel (eds.) (1996), s.107

Polen-Litauen kjem attende mini|venstre|Tyszowce-forbundet mini|Slaget ved Warka