Symfoni nr. 31 i D-dur, K. 297, betre kjend som Parissymfonien, er ein av dei meir kjende symfoniane til Wolfgang Amadeus Mozart.

Komposisjon og premiere Verket vart komponert i 1778 under den mislukka jobbjakten til Mozart i Paris. Komponisten var då 22 år gammal. Premieren fann stad den 12. juni 1778 under ein privat konsert i heimen til grev Karl Heinrich Joseph von Sickingen, ambassadøren til Pfalz. Den offentlege premieren fann stad seks dagar seinare i ei framføring av Concert Spirituel.Deutsch 1965, 174, 176

Verket fekk positive meldingar i utgåva av he Courrier de l'Europe, publisert i London:

Concert Spirituel på Kristi lekamsfest byrja med ein symfoni av M. Mozart. Denne artisten, som frå ung alder har hatt eit godt rykte blant cembalistar, kan i dag reknast bland dei flinkaste komponistane.Opphavleg på fransk. (1965, 174)

Concert Spirituel framførte verket igjen den 15. august, denne gongen med ein ny andresats, ein andante som erstatta den originale Andantino i 6/8.Deutsch (1965, 178)

Verket var tydelegvis populært, for det vart framført fleire gonger i både 1779 og 1780.Deutsch (1965, 185, 188) Verket vart publisert i Paris av Sieber og annonsert for sal den 20. februar 1779.

Symfonien vart seinare framført i Burgtheater i Wien den 11. mars 1783 under ein kosnert for svigerinna til Mozart, songaren Aloysia Weber.Deutsch (1965, 213)

Musikken

Symfonien følgjer mønsteret rask-langsam-rask, og manglar menuetten ein ofte finn i symfoniar i klassisismen.

Allegro assai, 4/4 Andante, 3/4 Allegro, 2/2

Symfonien er skriven for eit stort orkester som var tilgjengeleg for Mozart då han var i Paris: 2 fløyter, 2 oboar, 2 klarinettar i A, 2 fagottar, 2 horn, 2 trompetar, pauker, og strykarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 31 (Mozart)» frå , den 27. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford: Stanford University Press.

Bakgrunnsstoff

manuscripts of the Paris symphony

31 Kategori:Musikk i 1778