Jérôme Agyenim Boateng () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Vest-Berlin. Han vart verdsmeister for Tyskland i 2014 og vann meisterligaen 2013 og 2020 med Bayern München. Elles sanka han til saman 14 pokalar i tysk bundesliga og pokal-turnering. Boateng var midtstoppar.
Klubbspel Boateng fekk sin debut i bundesliga med Hertha Berlin vinteren 2007. I august same året skifta han over til Hamburger SV, mot 1,1 millionar euro. Etter imponerande spel i tre sesongar, skreiv han i juni 2010 kontrakt med engelske Manchester City. Her måtte han nøye seg med spel som sideback, noko han var lite nøgd med.
Sommaren 2011 vart Boateng overført til Bayern München mot 14,5 millionar euro. Dei neste ti åra spelte han i midtforsvaret til den sigerrike fotballklubben frå München. Ni sesongar i rad var han med å vinne bundesliga. I tillegg fekk han med seg fem DFB-pokalar. Høgdepunkta med FC Bayern var meisterliga-triumfane i 2013 og 2020, mot respektive Borussia Dortmund og Paris Saint-Germain.
Frå 2021 gjorde Boateng teneste i franske Olympique Lyon, italienske Salernitana og for LASK Linz i Austerrike, etter kvart som benkeslitar. Han la opp i 2025.
Landslagsspel Boateng spelte sin fyrste landskamp for Tyskland den 10. oktober 2009 og den 76. og siste den 13. oktober 2018. Han representerte Tyskland i VM-turneringane i 2010, 2014 og i 2018, og i europameisterskap i 2012 og 2016.
Boateng deltok i alle Tyskland sine kampar då det mannskapet gjekk heilt til topps i Fotball-VM 2014. Hans einaste landslagsmål kom då Tyskland vann 3-0 over Slovakia i Fotball-EM 2016.
Merittar Verdsmeister: 2014 for Tyskland VM-bronse: 2010 for Tyskland EM-bronse: 2012 for Tyskland Vinnar av UEFA-meisterligaen: 2013 og 2020 for Bayern München Tysk ligameister: 2013, 2014, 2015, 2016, 2017, 2018, 2019, 2020 og 2021 for Bayern München Vinnar av DFB-pokalen: 2013, 2014, 2016, 2019 og 2020 for Bayern München
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jérôme Boateng» frå , den 10. september 2026.
eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018