Johan Frederik Holst () var ein norsk prest og stortingsmann frå Trondheim.
Holsts far underviste ved katedralskulen i Trondheim. Sjølv vart han student frå skulen i 1821 og cand. theol. i 1827. Han var sokneprest i Vadsø 1828-38 og prest ved slaveriet på Akershus festning og Tugt- og Manufacturhuset i Christiania 1839-43. Frå 1843 til 1859 var han sokneprest i Finnås, sist sokneprest i Eidsberg 1859-76.
Holst var 2. representant frå Finmarkens amt 1836 og på omframstortinget 1836-37. Han var i 1836 formann i kyrkjekomiteen.
Han døydde i Kristiania i 1885.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Trondheim