Anette Bøe () er ein tidlegare norsk langrennslaupar og ishockeyspelar frå Larvik. Ho var ein av dei fyrste utøvarane som meistra skøyteteknikken.

Skikarriere Ho vann bronse på 4 x 5 km stafett i OL i Lake Placid i 1980, og i VM i Oslo i 1982 vann ho gull på stafett. I VM i Seefeld i 1985 vann Anette Bøe individuelt gull på 5 og 10 km, sølv på stafetten samt bronse på 20 km. Ho vann også verdenscupen i langrenn i 1985.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1978: Nr 8 på 10 km på Konnerud Ski-NM 1979: Gullmedalje på 5 km på Steinkjer, bronse på 20 km i Rindal Ski-NM 1980: Sølvmedalje på 5 km i Asker Ski-NM 1981: Gull på 20 km og sølv på både 5 km og 10 km på Eidsvoll Ski-NM 1982: Nr 4 på 5 km på Raufoss Ski-NM 1983: Bronsemedalje på 5 km og på 20 km på Lillehammer Ski-NM 1984: Nr 7 på 5 km i Hof Ski-NM 1985: Nr 4 på 10 km i Tromsø Ski-NM 1986: Ski-NM 1987: Sølvmedalje på 20 km i Steinkjer Ski-NM 1988: Bronsemedalje på 10 km på Vang Ski-NM 1989: Nr 5 på 5 km på Geilo

Prisar og utmerkinger Anette Bøe har fått Holmenkollmedaljen, Porsgrund Porselænsfabriks ærespris for kvinner og Egebergs ærespris.

Anna Anette Bøe har vunne NM i både triathlon og ishockey for Vålerenga Ishockey, og har vore aktiv innan terrengsykling.

Bakgrunnsstoff Biografi hos FIS Anette Bøe hos Store Norske Leksikon

kategori:Norske ishockeyspelarar Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen kategori:Vinnarar av Egebergs Ærespris Kategori:Ishockeyspelarar for Vålerenga kategori:Folk frå Larvik