«Over the Hills and Far Away» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy i 1973.
Oversyn Jimmy Page og Robert Plant skreiv opphavleg songen i 1970 i Bron-Yr-Aur, ei hytte i Wales der dei kvilte ut etter ein slitsam turne i Nord-Amerika.
Page spelar ein 6-strengs akustisk gitar i introduksjonen med ein melodi som liknar «White Summer». Page repeterer temaet med ein 12-strengs akustisk gitar i samklang. Vokalen til Plant kjem så inn. Den akustiske gitaren bygger seg opp i eit crescendo før Page sin elektrisk gitar, trommene til John Bonham og bassen til John Paul Jones kjem inn.
Instrumentalpartia før versa og i mellomspelet står fram som eit døme på det tette samspelet mellom Jones og Bonham. Etter det siste verset tonar rytmen ut, før ein kan høyre nokre akkordar av Jones på cembalo. Dei siste åtte taktane spelar òg Page pedalsteelgitar.
Songen vart gjeven ut som den første amerikanske singelen frå Houses of the Holy og nådde 51. plass på Billboard Hot 100-lista.
Led Zeppelin spela ofte songen på konsertane sine. Konsertopptaket frå How the West Was Won, ein kombinasjon av konsertane den 25. og 27. juni 1972, var den andre offentlege framferda med songen. Bandet spela songen i 1972 og ut 1979. Han vart ikkje spela på den siste turneen deira i Europa i 1980.
Medverkande Robert Plant – vokal Jimmy Page – gitarar John Paul Jones – bassgitar, mellotron, cembalo John Bonham – trommer
Andre versjonar 2000: Kokoo (Super-Nova) 2002: Purdymouth W.V. (Just Don't Kiss Her) 2002: Nikki Boyer (Livin', Lovin', Played: A Tribute to Led Zeppelin) 2003: various artists (A Bluegrass Tribute: Pickin' on Led Zeppelin, Volume II) 2004: Hampton String Quartet (HSQ Rides Again) 2005: Led Zepagain (A Tribute to Led Zeppelin) 2006: Michael Armstrong (Rockabye Baby! Lullaby Renditions of Led Zeppelin) 2006: Bustle In Your Hedgerow (Live at Abbey Pub, 8.6.06) 2007: The Boys from County Nashville (The Celtic Tribute to Led Zeppelin: Long Ago and Far Away) 2008: Gov't Mule (Holy Haunted House [konsert 2007]) 2008: Snowblynd (Misty Mountain Hop: A Millenium Tribute to Led Zeppelin)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Over the Hills and Far Away (Led Zeppelin song)» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Bakgrunnsstoff «Over the Hills and Far Away» på ledzeppelin.com
Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Atlantic Records-singlar