Frederik Martin Budtz Steen () var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann fødd på Toten. John Steen var far hans, Johannes Steen broren.

Steen vart student i 1853 og cand. jur. i 1858. Dei neste åra arbeidde på eit sakførarkontor i Bergen og han var fullmektig hos sorenskrivaren i Jæren og Dalane. Frå 1864 budde han i Bergen der han fram til 1871 var overrettssakførar og sidan var politifullmektig. Han var 1880-99 sorenskrivar i Sunnfjord. Til sist var han justissekretær i Bergen.

Steen var 3. representant for Bergen på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av justiskomiteen.

Han døydde i Bergen i 1907.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882