Francisco Castillo Fajardo, 2. marki av Villadarias () var ein spansk general.
I 1693 mislukkast han i å forsvare Charleroi mot franskmennene, men i 1698 klarte han å forsvare Oran mot tyrkarane. I 1702 vart han generalkaptein i Andalucia og klarte å forsvare Cadiz mot ein britisk-nederlandsk flåte under George Rooke i slaget ved Cádiz i 1702 under den spanske arvefølgjekrigen. I 1704 kommanderte han styrken som invaderte Portugal og erobra Castelo de Vide og Marvão. Dei to neste åra prøvde han å ta attende Gibraltar frå britane, før han vart erstatta den 8. februar 1705 av den franske marskalken de Tessé, som gav opp omleiringa og trekte seg attende. I 1710 var han kommandant for armeen som tapte slaget ved Almenar. Etter dette slaget vart han erstatta av Marquis de Bay. Han vart generalkaptein i Valencia i 1713.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Francisco Castillo Fajardo, Marquis of Villadarias» frå , den 29. mai 2011.
Kategori:Spanske generalar Kategori:Markiar av Villadarias Kategori:Spanjolar i den spanske arvefølgjekrigen