Bolsover er ein by i Derbyshire i England. Han er administrasjonsby for distriktet Bolsover.

Bolsover slott vart først reist i normannisk tid, og var opphavleg sete for Peverilslekta. Den første Peveril var son av Vilhelm Erobraren. Det første slottet er ikkje bevart, og det som står i byen no er frå 1613.

Kolgruvedrift var tidlegare viktigaste næringsvegen, men som elles i England har det gått nedover med denne industrien og Bolsover Colliery stengte i 1993.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bolsover» frå , den 15. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Derbyshire