Montenegro debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke tolv gongar. Montenegro deltok tidlegare i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia, både som Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia frå 1961 til 1991 og Den føderale republikken Jugoslavia i 1992, og deretter Serbia og Montenegro i åra 2004-2006. Frå 2007 har Montenegro delteke som sjølvstendig nasjon. Sidan debuten har Montenegro berre kvalifisert seg til finalen to av tolv gongar, sist i 2015.

Historikk Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Året etter og fram til 2003, fekk ikkje Jugoslavia deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.

Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og grunngav det med at for mange land ville bli ståande utanfor finale om ein slapp inn fleire nye land. I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ei montenegrinsk folkeavrøysting om lausriving. Montenegro erklærte sitt sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia. Begge landa debuterte som sjøvstendige nasjonar i Eurovision Song Contest i 2007.

Liten suksess I motsetning til nabolandet Serbia, har Montenegro hatt liten suksess i Eurovision Song Contest. Etter tre år utan finaleplass valde den montenegrinske kringkastaren Radio Televizija Crne Gore (RTCG) å trekkje seg i 2010. Årsaka var den vanskelege økonomiske situasjonen hos kringkastaren RTCG.

Etter to år vekke frå tevlinga, kom Montenegro tilbake igjen til Eurovision Song Contest i 2012, men kvalifiserte seg fyrst til ein finale i 2014 - på sitt sjette forsøk. I si fyrste finaledeltaking vart Montenegro nummer 19 av 26, og året etter kom den førebels beste plasseringa til Montenegro i Eurovision Song Contest; ein trettandeplass. Sidan den gongen har ikkje Montenegro kvalifisert seg til finalen.

Bidraga i Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 2007 Stevan Faddy «'Ajde, kroči» Montenegrinsk colspan=2 rowspan=3 33 22 2008 Stefan Filipović «Zauvijek volim te» Montenegrinsk 23 14 2009 Andrea Demirović «Just Get Out of My Life» Engelsk 44 11 colspan="8" data-sort-value="zzzzz" 2012 Rambo Amadeus «Euro Neuro» Engelsk, montenegrinsk og tysk colspan=2 rowspan=2 20 15 2013 Who See «Igranka» Montenegrinsk 41 12 2014 Sergej Ćetković «Moj Svijet» Montenegrinsk 37 19 63 7 2015 Knez «Adio» Montenegrinsk 44 13 57 9 2016 Highway «The Real Thing» Engelsk colspan=2 rowspan=4 60 13 2017 Slavko Kalezić «Space» Engelsk 56 16 2018 Vanja Radovanović «Inje» Montenegrinsk 40 16 2019 D mol «Heaven» Engelsk 46 16 colspan="8" data-sort-value="zzzzz" 2022 Vladana «Breathe» Engelsk colspan=2 33 17 colspan="8" data-sort-value="zzzzz" 2025 Nina Žižić «Dobrodošli» Montenegrinsk colspan=2 12 16 2026 «» Montenegrinsk og engelsk

Røystehistorikk (2007-2021) Finalane

+ Montenegro har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 114 02 70 03 69 04 61 05 46

+ Montenegro har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 20 02 17 03 16 04 12

Semifinale

+ Montenegro har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 65 02 61 03 53 04 52 05 49

+ Montenegro har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 57 02 46 03 38 04 32 05 31

Galleri

Sjå òg Montenegro i Junior Eurovision Song Contest Serbia og Montenegro i Eurovision Song Contest Serbia og Montenegro i Junior Eurovision Song Contest Jugoslavia i Eurovision Song Contest

Referansar

Kjelder

Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Montenegro i Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Montenegro i Eurovision Song Contest» frå , den 3. oktober 2020.

Kategori:Land i Eurovision Song Contest