mini|Valurne nytta til førehandsrøyster. Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 i Noreg vart avvikla måndag 12. september 2011. I tillegg heldt 195 kommunar vallokala opne sundagen 11. september i heile eller delar av kommunen.Kommunal- og regionaldepartementet: Informasjon om antall valgdager, antall representanter som skal velges og valgkretser. Kommunestyrevalg. Førehandsrøysting tok til onsdag 10. august og kunnne bli gjort fram til og med fredag før valet. I utlandet og på Svalbard og Jan Mayen var det mogeleg å røyste frå 1. juli.Også i fastlands-Noreg var det mogeleg med tidleg stemming mellom 1. juli og 9. august. Dette var likevel ei meir beskjeden ordning enn vanleg førehandsstemming, ettersom kvar veljar måtte ta kontakt med sin kommune for å gjere avtale om stemming. Sjå Du kan stemme allerede fra 1. juli, på valg.no; besøkt 15. august 2011.
Det vart vald totalt 10 781 kommunestyrerepresentantar til 429 kommunestyre og 728 representantar til 18 fylkesting.Oslo er i denne samanhengen berre rekna som kommune.Inderøy og Mosvik slår seg saman med verknad frå 2012 og skal dermed berre velje eitt kommunestyre. I tillegg skal det haldast val til bydelsutval i fleire kommunar. Samstundes som kommune- og fylkestingsvalet vert arrangert, avviklar Den norske kyrkja kyrkjeval for organa sine.
Resultat
Kommunevalet
Dette var lansdsresultatet av kommunestyrevalet per tysdag 13. september klokka 07.15. Dei var enno ikkje endeleg stadfesta.Kjelde for valresultat: Kommunal- og regionaldepartementets valsider, valg.no: http://www.regjeringen.no/krd/html/valg2011/bk5.html.
Valdeltaking: (62,5%) ListeRøyster%-vis fordelingKommune (07)Storting (09) Arbeiderpartiet31,62,0 -3,7Høgre28,08,810,9Framstegspartiet11,5 -6,0 -11,0Senterpartiet6,8 -1,10,8Venstre6,20,42,4Kristeleg Folkeparti5,6 -0,70,3Sosialistisk Venstreparti4,0 -2,0 -1,8RaudtRaudt stilte ved valet i 2007 under namnet Raud Valallianse.1,5 -0,20,4Miljøpartiet dei grøne 1,1 +0,4 +0,8Andre3,7 0,9 -
Fylkestingsvalet Dette var lansdsresultatet av fylkestingsvalet per tysdag 13. september klokka 21.35. Dei var enno ikkje endeleg stadfesta.
Røystedeltaking: (58,7 %) ListeRøyster%-vis fordelingFylke (07)Storting (09) Arbeiderpartiet33,22,4 -2,2Høgre27,78,910,4Framstegspartiet11,8 -6,8 -11,2Senterpartiet6,3 -1,50,2Venstre5,70,11,8Kristeleg Folkeparti5,8 -0,90,3Sosialistisk Venstreparti4,3 -2,2 -1,9Raudt1,7 -0,30,4Miljøpartiet dei Grøne 1,3 0,7 0,9Pensjonistpartiet 0,9 -0,2 0,5Kystpartiet 0,4 -0,1 0,2Demokratane 0,3 0,3 0,3Sunnmørslista 0,3 0,0 0,3Kristent Samlingsparti 0,2 0,1 0,1Byluftlisten 0,1 0,1 0,1Noregs Kommunistiske Parti 0,1 0,0 0,0Samefolkets parti 0,1 0,0 0,1Vestfoldlisten mot bomringer 0,0 0,0 0,0Samfunnsdemokratane 0,0 0,0 0,0Samfunnspartiet 0,0 0,0 0,0Det Liberale Folkepartiet 0,0 0,0 0,0Andre -0,4 -0,2
Skulevalet
Skulevalet vart avvikla 6. september. Etter terroråtaket 22. juli vart partia samde om å ikkje arrangere skulevaldebatt. Debattane vart erstatta med såkalla «valtorg» . Partia hadde då valbuer i gymsalane på skulane som deltok i valet.
Resultatet av skulevalet vart offentleggjort 6. september: PartiSkulevalet 2011 (%)Skulevalet 2009 (%)EndringArbeiderpartiet29.723.4+6.3Sosialistisk Venstreparti4.910.3-5.4Raudt3.54.8-1.3Senterpartiet4.95.8-0.9Kristeleg Folkeparti3.63.7-0.1Venstre6.86.0+0.8Høgre24.316.2+8.1Framstegspartiet16.524.0-7.5Norges Kommunistiske Parti0.40.3+0.1Miljøpartiet Dei Grøne1.41.3+0.1Pensjonistpartiet1.51.2+0.3Det Liberale Folkeparti0.00.2-0.2Samfunnspartiet0.00.00.0Kystpartiet1.21.4-0.2Samefolkets parti0.1*-Kristent Samlingsparti0.30.2+0.1Sunnmørslista0.0*-Demokratene0.50.50.0Vestfoldlisten mot bomring0.0*-Samfunnsdemokratene0.0*-Byluft0.1*-
Valkampen Terroråtaka 22. juli prega valkampen i stor grad. Partia vart samde om å utsetje valkampopninga til 13. august og å avlyse skulevalet. Arbeiderpartiet ynskte å utsetje valkampen ei veke til, til den 21. august, sidan ikkje alle ofra etter 22. juli var gravlagt før det. Dei andre partia hald fast på 13. august, og slik vart det.http://www.dagbladet.no/2011/08/09/nyheter/politikk/terror/anders_behring_breivik/17606336/
Valkampen vart òg karakterisert som roleg.http://www.nettavisen.no/nyheter/valg2011/article3209106.ece
mini|Meiningsmålingar hjå PollOfPolls.no viste at Høgre hadde framgang tidleg om sommaren, mens Arbeiderpartiet gjorde deg godt på målingar i august og september. Særleg Frp og SV mista støtte. Meiningsmålingar Meiningsmålingane viste i juni at særleg Høgre gjorde det godt, og enkelte valkommentatorar meinte at det kunne bli «blått» fleirtal i minst 16 av dei 20 største kommunane i Noreg. Meiningsmålingane etter 22. juli viste framgang for Arbeiderpartiet, og at særleg fløypartia (SV og FrP) men også Høgre, gjekk attende samanlikna med målingar i juni 2011.
Forsøksordningar mini|Kommunane som deltar i forsøka ved valet: Deltar i elektronisk val. Deltar i røysterett for 16-åringar. Longyearbyen er ikkje avmerkt, men deltar i forsøket. Deltar i begge forsøka. Ved dette valet skal det gjennomførast to forsøk: forsøk med elektronisk val i 10 kommunar, der det vil vere mogeleg å gje førhandsrøyster over internett forsøk med nedsett røysterettsalder til 16 år (fødd i 1995 eller før) i 20 kommunar.
E-val I ti kommunar vil det vere mogeleg å førehandsrøyste over internett. I alt 56 kommunar vart invitert til å delta, og 35 av desse ynskte å delta i prosjektet. Av desse vart Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn og Ålesund og ein bydel i Oslo plukka ut til deltaking.Kommunal- og regionaldepartementet: 11 kommunar får prøve e-val i 2011. Oslo og Drammen trekte seg seinare med grunngjeving i manglande løyndom rundt røystinga. I staden vart Sandnes tatt inn som forsøkskommune.
For å kunne telje opp røyster frå e-valet trengst det ein elektronisk nøkkel. Denne er delt i ti delar, og det er oppretta ei nøkkelgruppe, der kvart medlem har sin del. Det er eitt medlem frå kvar av ni parti og ein administrativt tilsett. Etter valet må gruppa møtes for at oppteljinga skal kunne starte.«Nøkkelgruppa for e-valet utnemnd», på valg.no; besøkt 15. august 2011.
Forsøk med røysterettsalder nedsett til 16 år I 20 kommunar vil også 16- og 17-åringer ha stemmerett ved valet i 2011. 143 kommunar søkte om å få delta. Blant desse vart Marker, Lørenskog, Hamar, Vågå, Sigdal, Re, Porsgrunn, Grimstad, Mandal, Gjesdal, Stavanger, Austevoll, Luster, Ålesund, Osen, Namdalseid, Tysfjord, Kåfjord, Hammerfest og Kautokeino plukka ut til å delta, basert på kommunestorleik (innbyggjartal), geografi, politisk samansetjing, lokalisering, alderssamansetjing og politikk for å involvere ungdom.Kommunal- og regionaldepartementet: Forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år ved kommunestyrevalget 2011. I tillegg vil dette forsøket gjelde valet til Longyearbyen lokalstyre på Svalbard. Valet der ver avvikla i oktober 2011.
Direkte ordførarval Forsøka med direkte ordførarval, som vart gjennomført i enkelte kommunar ved kommunevala frå 1999 til 2007, vert ikkje vidareført ved dette valet. I Nesodden kommune vil det likevel samtidig med kommunevalet bli avvikla rådgjevande folkeavrøysting om kven som bør vere ordførar. Dette har sin bakgrunn i at kommunestyret i 2001 vedtok at «en sak skal legges ut til folkeavstemning dersom minst ti prosent av de stemmeberettigede fremmer skriftlig krav om det». 1474 av innbyggarane i Nesodden har skrive under på eit krav om folkeavrøysting om ordførarvervet. Kommunestyrefleirtalet (A, H, Frp og V) vedtok likevel å ikkje fylgje innbyggjarkravet, men dette vart underkjent av fylkesmannen, etter at mindretalet hadde bedt om lovlegheitskontroll av vedtaket.«Det blir folkeavstemning om ordførervervet», i Akershus Amtstidendes nettutgåve 16. juni 2011; besøkt 19. juni 2011.
Lister thumb| Frist for å levere inn listeforslag var 31. mars 2011. Parti som er registrert i Partiregisteret, kunne levere inn liste utan krav om innsamla underskrifter, føresett at dei ved stortingsval (2009) hadde ei oppslutning på minst 500 stemmar i éit fylke eller minst 5000 røystar på landsbasis. For andre fylkeslister måtte listeforslaget vere underskrive av minst 500 personar med røysterett i fylket. Ved kommunevalet er kravet at det samlast inn ei mengd underskrifter som svarar til minst to prosent av innbyggjartalet med røysterett ved siste kommunestyreval (2007), men minimum like mange som det skal veljast representantar til kommunestyret og maksimum 300 underskrifter.Dette er reglane i forenkla form. Sjå ellers vallova § 6-3.
Lista skal innehalde minimum sju kandidatar og maksimum seks kandidatar fleire enn det mengda representantar som skal veljast.
Ved utløp av fristen hadde dei største partia levert inn fylgjande lister:Talet på lister er frå ein artikkel i Kommunal rapport 7. april 2011, bortsett frå for Raudt, der talet er frå «Færre lister til kommunevalget» på bloggen politisk.no, besøkt 27. april 2011. Tal på nokre av nettstadene til partia avvik noko frå dette.
Parti 2011 2007 Endring ArbeiderpartietDet norske Arbeidarpartiet vedtok våren 2011 å skifte namn til Arbeidarpartiet. Namneskiftet vart likevel vedtatt for seint til at det nye namnet kan nyttast på røystesetlane i 2011. Jf. Kommunal- og regionaldepartementet: Behandling av listeforslag – partibetegnelse og partilogoer; besøkt 19. juni 2011. 417 421 -4 Senterpartiet 393 395 -2 Høgre 379 375 +4 Framstegspartiet 344 336 +8 Venstre 312 293 +19 Kristeleg Folkeparti 299 317 -18 Sosialistisk Venstreparti 284 313 -29 Raudt 80 78 +2Miljøpartiet De Grønne 51 15 +36Demokratane 31 70 -39
I tillegg kjem felleslister ved kommunevalet og lister til fylkesting og bydelsutval. Dei lokale valstyra hadde frist 1. juni på å godkjenne listene.
På dei innleverte kommune- og fylkeslistene er det i alt 66 383 personar oppført, 3295 færre enn valet i 2007. Det er 210 ulike parti og grupper som stiller lister ved kommunevalet, og 20 parti/grupper ved fylkestingsvalet.
Kjønnsfordelinga på kommunelistene er nokså lik med 2007: 58,2 prosent menn og 41,8 prosent kvinner. På fylkeslistene er kvinnedelen 44,1 prosent. Det er menn på førsteplass på 72,1 prosent av kommunelistene og på 68,8 prosent av fylkeslistene.
Gjennomsnittsalderen til kommunestyrekandidatane er 49 år (kvinner 48 år og menn 50 år) og for fylkestingskandidatane 49 år (kvinner 47 år og menn 50 år). Heller ikkje her er det vesentlege endringar frå 2007.Kommunal- og regionaldepartementet: Statistikkark («nøkkeltall» fra valg.no; besøkt 15. august 2011.
Ved terroråtaket på AUFs somarleir på Utøya 22. juli vart femten av kandidatane til Arbeiderpartiet drepne. Etter valloven var det ikkje høve til å erstatte desse med andre, men det vart opna for at kommunane/fylka (i samråd med pårørande og partiet lokalt) kunne trykkje nye røystesetlar utan dei aktuelle namna. Dette vart gjort i Porsanger, Sula og Ørsta. Personrøyster på avdøde kandidatar vert uansett ikkje med i valoppgjeret.«Valglister etter terroraksjonen», på valg.no; besøkt 16. august 2011.
Det er stor variasjon i talet lister i dei enkelte kommunane, frå to lister i Utsira, Modalen, Røyrvik, Fosnes, Træna, Røst og Lebesby til heile 15 lister for veljarane i Bergen og Oslo. I Utsira vart Ungdomslista til og med danna på oppfordring frå sittande ordførar, etter at den tidlegare konkurrerande lista ikkje klarte å stille nok kandidatar. Utsira har dermed berre to lister, med begge toppkandidatane som medlem av Arbeiderpartiet.NRK Rogaland: Her styrer AP, uansett valgresultat
Landsoversikt
Tabellen viser kor mange reine lister partia har i dei ulike fylka. Kolonnen «Komm andre» viser kor mange kommunar som har ei eller fleire lister som høyrer inn under kategorien «Andre». For Oslo er bydelslistene tatt med.