Folkeopplysningsprisen er ein pris innstifta av Vaksenopplæringsforbundet. Prisen er delt ut årleg sidan 1998 i samband med kampanjen «Læringsdagane for vaksne» (tidlegare «Veka for vaksnes læring»).
Folkeopplysningsprisen har etter statuttane som mål «å verdsetje enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller institusjonar for yting ut over det vanlege, over tid, med å skape føresetnader for og stimulans til frigjering, solidarisk samhandling, vekst og utvikling gjennom kunnskap. Innsatsen skal vere tufta på humanistisk grunn. Prisen skal medverke til å fremje arbeidet med demokratisering av kunnskap og kunnskapsformidling, auka von for deltaking og oppleving, refleksjon og bruk av eiga røynsle.»Folkeopplysningsprisen - statuttar (sitat frå bokmål)
Mottakarar thumb|Utdelinga av Folkeopplysningsprisen 2011 1998: NRK P2 1999: Svanvik Folkehøgskole (no Pasvik Folkehøgskole) 2000: AOF Sarpsborg 2001: Studiesenteret i Sjåk 2002: Blå Kors ved leiar Hans Olav Fekjær 2003: Schrødingers katt, NRK 2004: Einfrid Halvorsen 2005: Ryfylkemuseet og Lucky Næroset 2006: Ammehjelpen 2007: Leser søker bok 2008: Jon G. Olsen 2009: Jørn H. Hurum 2010: Hildur Roll-Hansen 2011: Wikimedia Noreg 2012: Seniornett Norge
I 2005 var Noreg arrangør av International Adult Learners Week, og i samband med veka blei det delt ut to folkeopplysningsprisar. Éin med fokus på internasjonalt arbeid i Noreg, tildelt Ryfylkemuseet, og éin med fokus på internasjonalt arbeid i den tredje verda, tildelt Lucky Næroset.
Kjelder Læringsdaganes side om Folkeopplysningsprisen – Her finst statuttar og oversyn over mottakarar. Referansar
Bakgrunnsstoff NRK Dagsrevyen 23.10.09 Pris til Jørn Hurum (web-TV) Hurum fikk Folkeopplysningsprisen Om Folkeopplysningsprisen 2009 Fremragende, Olsen Romerikes Blad om Folkeopplysningsprisen 2008
Kategori:Norske prisar Kategori:Skipingar i 1998