Stonehaven (skotsk-gælisk Cala na Creige, skotsk Steenhive) er ein by i Skottland. Han har kring 11 000 innbyggjarar og ligg i regionen Aberdeenshire, 24 km sør for Aberdeen på vestkysten av Nordsjøen.
mini|venstre|Marknadsplassen i Stonehaven, 2006.
Stonehaven er det historiske sentrumet for grevskapet Kincardineshire. Dunnottar Castle ligg om lag 3 kilometer sør for Stonehaven.
Stonehaven er ein hamneby, og var ei viktig fiskerihamn på 1800-talet. Byen har vakse kraftig sidan den britiske oljeverksemda i Nordsjøen tok til. Ved folketeljinga i 2001 hadde Stonehaven 9 577 innbyggjarar. I 2006 vart folketalet estimert til 10 090 innbyggjarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stonehaven» frå , den 27. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Aberdeenshire Kategori:Hamnebyar i Skottland Kategori:Byar ved Nordsjøen