Alf John Hansen () er ein norsk tidlegare roar og olympisk meister frå Tøyen i Oslo. Han rodde ofte saman med storebroren Frank Hansen.

Karriere

I 1975 vart brørne Hansen for fyrste gong verdsmeistrar i dobbeltsculler, og vann for dette Morgenbladets gullmedalje. Brørne deltok i Sommar-OL 1976 i Montreal og tok gull i dobbeltsculler; den einaste gullmedaljen Noreg fekk i leikane dette året. For denne sigeren vann dei Fearnleys olympiske ærespris same året. Også i åra 1978 og 1979 vart brørne verdsmeistrar.

Då Noreg i 1980 boikotta Sommar-OL 1980 i Moskva, la Frank Hansen opp som profesjonell roar. Alf Hansen heldt fram, og Rolf Thorsen vart heretter den nye makkeren hans. Hansen og Thorsen tok VM-gull i 1982, og sylv året etter. Alf Hansen var norsk flaggberar under sommar-OL 1984 i Los Angeles, men fekk ingen medaljar under desse leikane. Han deltok også i sommar-OL 1988 i Seoul der han tok olympisk sylv i dobbeltfirar saman med Rolf Thorsen, Vetle Vinje og Lars Bjønness. Hansen var no førti år gamal, og dette vart hans siste olympiske medalje. Under VM i 1990 i Tasmania vart Alf Hansen den fyrste til å vinna roarmedaljen Thomas Keller Medal. Alf Hansen avslutta roarkarrieren i VM i 1991 med ein femteplass i dobbeltfirar, 43 år gamal. Til saman har Alf Hansen 9 VM-medaljar og 58 NM-gull.

Alf Hansen var også ein dyktig skiløpar, og har delteke i 5-mila i Holmenkollen, Birkebeinerrennet og Birkebeinerrittet.

Prisar

1975: Morgenbladets gullmedalje 1976: Fearnleys olympiske ærespris 1976: Æresmedlem av Ormsund Roklub 1990: Thomas Keller Medal

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Alf Hansen» frå , den 6. desember 2011. Opplysninga om Thomas Keller Medal er henta frå «Thomas Keller Medal» frå , den 6. desember 2011.

Bakgrunnsstoff NBL-artikkel om Alf Hansen, skriven av Matti Goksøyr.

Kategori:Norske roarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Roarar under sommar-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Roarar under sommar-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Roarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Roarar under sommar-OL 1988 Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Folk frå Oslo