Fedraheimen var ei norsk avis som kom ut ein gong for veka i tida 1877 til 1891. Avisa vart grunnlagd av forfattaren Arne Garborg. Ivar Mortensson-Egnund var medarbeidar, og bladstyrar frå 1884. Fedraheimen, «Eit Vikeblad aat det norske folket», var eit viktig talerøyr for målrørsla. Avisene Den 17de Mai og Norsk Tidend er rekna å vera framhald av Fedraheimen.

Bakgrunnsstoff

fedraheimen.no Artiklar frå Fedraheimen

Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Målrørsla Kategori:Arne Garborg Kategori:Anarkistiske blad Kategori:Publikasjonar skipa i 1877 Kategori:Publikasjonar nedlagde i 1891 Kategori:1877 i Noreg Kategori:1891 i Noreg Kategori:Venstre-aviser