Mario Monti () er ein italiensk økonom, politikar og tidlegare EU-kommissær som blei statsminister i Italia 16. november 2011. Han er òg livstidssenator i Det italienske senatet.

Monti er utdanna økonom fra Bocconiuniversitetet i Milano, og studerte vidare ved Yale University under nobelprisvinnaren James Tobin. I 1971 blei han tilsett som professor ved Bocconiuniversitetet, og i 1989 blei han rektor ved universitetet. Frå 1995 til 2004 sat Monti som EU-kommissær, først med ansvar for den indre marknaden og seinare for konkurransespørsmål. Monti er rekna som ein forkjempar for den frie marknaden og kutting i offentlege utgifter, og er mellom anna kjend for arbeidet med å definera europeiske og internasjonale antitrust-standardar. I 2001 forhindra han fusjonen mellom General Electric og Honeywell, noko som var første gong Europakommisjonen stoppa ei samanslåing mellom to amerikanske selskap. Har har også sett i gang en prosess mot den monopolaktige stillinga til Microsoft.

13. november 2011 blei Monti beden om å danne ei ny regjering i Italia etter at Silvio Berlusconi trekte seg som statsminister. Han gjekk inn i stillinga 16. november 2011.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mario Monti» frå , den 17. desember 2011.

Kategori:Europakommissærar Kategori:Folk frå Varese Kategori:Italienske politikarar Kategori:Italienske økonomar