Sinj er ein tettstad og ein bykommune i fylket Split-Dalmatia i Kroatia. Sjølve byen har 10 771 innbyggjarar (2021), medan heile kommunen med dei omliggande landsbyane har 23 452 innbyggjarar.

Sinj er senteret for eit område kalla Cetinska krajina, ei gruppe busetjingar på den frodige karstsletta (Sinjsko polje) som elva Cetina renn over. Sinj ligg mellom fire fjell: Svilaja, Dinara, Kamešnica og Visoka. Fjella gjev Sinj eit særeige submiddelhavklima med varmare somrar og kaldare vintrar.

Historie Byen voks opp kring ei gammal festning heldt av osmanarane frå 1500-talet til slutten av 1600-talet, og eit fransiskanarkloster med kyrkja Vår frue av Sinj (kroatisk Gospa Sinjska), ein pilegrimsstad.

Jubileet for den siste sigeren over den osmanske armeen i 1715 vert feira årleg i starten av august med Sinjska alka, ein ryttarkonkurranse.

Folketal Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Sinj 11 468 11 478 10 771 Glavice 3 876 3 753 3 597 Brnaze 3 223 3 184 3 124 1 169 1 138 1 014 913 804 794 Kommunen Sinj 25 373 24 826 23 452

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sinj» frå , den 26. desember 2011.

Referansar

Bakgrunnsstoff Sinj lufhamn

Kategori:Byar og tettstader i Split-Dalmatia fylke Kategori:Bykommunar i Split-Dalmatia fylke