mini|Ein nipunktsirkel med dei ni punkta avmerkte Nipunktsirkel eller Feuerbachsirkelen er ein sirkel som kan konstruerast på innsida av ein gjeven trekant. Dersom ein trekker rette linjer frå det felles skjeringspunktet for dei tre høgdene i ein trekant til hjørna av trekanten, ligg midtpunkta til desse linjestykka, som er midtpunkta til sidene til trekanten og fotpunkta til høgdene til trekanten, alle på ei sirkellinje, ein sirkel kalla nipunktssirkelen.

Teoremet til Feuerbach seier at nipunktssirkelen tangerer den innskrivne sirkelen til trekanten og dei tre utvendige tangeringssirklane.

Kjelder nipunktsirkel. (2012-01-16) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/nipunktsirkel

Kategori:Sirklar Kategori:Trekantgeometri