Bernadette Zurbriggen () frå Saas-Grund i kantonen Valais er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann sju renn i verdscupen i alpint i tida 1973-77. Fem av sigrane kom i utforløypa, ein i storslalåm og ein i den alpine kombinasjonen (slalåm/utfor).
Aktiv Zurbriggen var utforspesialist. Ho var berre i sitt sekstande år då ho meisterskapsdebuterte under vinter-OL 1972 i Sapporo med ein sjuandeplass i utfor. Same plasseringa fekk ho i utforrennet i det neste vinter-OL, 1976, i Innsbruck. Ho deltok då også i slalåm, det enda med 12. plass. I den mellomliggande verdsmeisterskapen i alpint 1974 kom ho på 11. plass i utforrennet. Same plasseringa i same øvinga fekk ho både under verdmeisterskapen 1978 og under vinter-OL 1980 i Lake Placid.
1976-sesongen var Zurbiggen sin beste. Ho kom då på fjerdeplass samanlagt i verdscupen. Tre gongar kom ho på andreplass i utforcupen; 1975, 1976 og 1979. 18 gongar kom ho på pallen i enkeltrenn i verdscupen.
Ho la opp etter 1980-sesongen.
Verdscupsigrar Dato Stad Land Øving 7. mars 1973 Anchorage US-Amerika Storslalåm 15. januar 1975 Schruns Austerrike Utfor 31. januar 1975 Chamonix Frankrike Utfor 3. desember 1975 Val-d’Isère Frankrike Utfor 8. januar 1976 Hasliberg Sveits Utfor 22. januar 1976 Bad Gastein Austerrike Kombinasjon 18. januar 1977 Schruns Austerrike Utfor
Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen bygger på «Bernadette Zurbriggen» frå , den 18. januar 2012.
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1972 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1980