Ernst August () var hertug av Braunschweig-Lüneburg og regjerte over fyrstedømet Calenberg (med hovudstad i Hannover). Han vart utpeikt som kurfyrste, men døydde før dette kom i stand. Han var ?og administrator for fyrstbiskopen av Osnabrück.
Biografi
Ernst August vart fødd i Herzberg am Harz, som son av Georg av Braunschweig-Lüneburg og Anne Eleonore av Hessen-Darmstadt (Ernst August stamma frå Albertin-linja til Huset Habsburg og Huset Hohenzollern). I 1658 gifta han seg med Sofia av Pfalz i Heidelberg. Som den fjerde sonen hadde han liten sjanse til å ta over etter faren som herskar, så i 1662 vart han utpeikt som administrator av Osnabrück. I følgje freden i Westfalen skulle kvar nestleiande av Osnabrück utpeikast til hertugar av Braunschweig-Lüneburg. Etter at to av dei eldre brørne hans døydde utan søner, arva Ernst August delar av faren sine område i 1679, nemleg Calenberg (inkludert Göttingen).
I 1683, etter protestar frå dei fem yngre sønene hans, innførte Ernst August førstefødselsrett, slik at området hans ikkje vart vidare delt etter han døydde. Dette var òg eit førebuande vilkår for å få stillinga som kurfyrste. Han deltok i den store tyrkiske krigen på Leopold I av Det tysk-romerske riket si side. I 1692 vart han utpeikt til kurfyrste av keisaren, me kurfyrsteskapet tredde ikkje i kraft før i 1708. Ernst August døydde i 1698 i Herrenhausen. Han vart etterfølgd som hertug av den eldste sonen sin, Georg I Ludvig, som seinare vart konge av Storbritannia.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ernest Augustus, Elector of Brunswick-Lüneburg» frå , den 21. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Herzberg am Harz Kategori:Hertugar av Braunschweig-Lüneburg Kategori:Fyrstar av Calenberg Kategori:Huset Hannover Kategori:Tysk-romerske fyrstbiskopar Kategori:Tyske lutherske biskopar Kategori:Tysk-romerske kurfyrstar