Vitskapsåret 1993 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1993.
Hendingar CERN: Tsjekkia og Slovakia slutta seg til CERN.
Astronomi og romfart 13. februar - Asteroiden 7253 Nara blei oppdaga av Fumiaki Uto. 4. juni - Total måneformørking.Så funkar universum, James Muirden 29. november - Total måneformørking. 2. desember - STS-61 vart skoten opp. Dette romferjeoppdraget til Hubble-teleskopet installerte korrigerande optikk i tillegg til oppgraderingar, som ikkje berre gjorde at teleskopet kunne fokusere skikkeleg, men òg auke forstørringa og klårskapen utover det opphavlege designet. Teleskopet hadde opphavleg blitt utforma med tanke på slike framtidige oppgraderingar.
Matematikk 21. juni - Andrew Wiles kunngjorde eit bevis på Fermats siste teorem ved Isaac Newton Institute. Beviset var ikkje heilt rett, men Wiles kunngjorde ei revidert bevis dei påfølgjende åra.
Medisin Februar - The New England Journal of Medicine offentleggjorde funn som viste at pasientar med peptisk magesår kunne få ei vellukka behandling med antibiotika, noko som gav truverdig støtte til oppdaginga av at sjukdommen peptisk magesår blei valda av bakterien Helicobacter pylori. August - Formell lansering av Cochrane Collaboration.
Teknologi 22. mars - Selskapet Intel leverte dei første Pentium-chipane. 31. mars - Ein bug (feil) i eit program skrive av Richard Depew sende ein artikkel til 200 nyheitsgrupper på ein gong. Termen spamming (søppelpost) blei funnen på av Joel Furr for å skildre det som skjedde. 22. april - Versjon 1.0 av nettlesaren Mosaic kom ut.
Prisvinnarar Bigsbymedaljen: Julian Anthony Pearce Copleymedaljen: James Watson Davymedaljen: Jack Baldwin Göran Gustafssonpriset: Molekylær biologi: Alwyn Jones Fysikk: Claes Fransson Kjemi: Mathias Uhlén Nobelprisen: Fysikk: Russell A. Hulse, Joseph Taylor Kjemi: Kary Mullis, Michael Smith Fysiologi/Medisin: Richard J. Roberts, Phillip A. Sharp Steeleprisen: George David Mostow, Walter Rudin og Eugene Dynkin Turingprisen: Juris Hartmanis og Richard Stearns Wollastonmedaljen: Samuel Epstein
Døde 11. februar - Robert W. Holley, amerikansk biokjemikar, nobelprisvinnar (fødd )
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1993» frå , den 16. februar 2012. oppgav desse kjeldene: