Dumeng Giovanoli () frå Sils im Engadin/Segl er ein sveitsisk, tidlegare skirennar.
Giovanoli vann sin første siger i verdscupen 14. januar 1968 i slalåm i Wengen. Ei veke seinare gjekk han til topps i slalåmrennet i Kitzbühel, og han vann den sesongen slalåmcupen av verdscupen. Under OL 1968 i Grenoble hamna han utanfor sigerspallen, med fjerdeplass i slalåm som best. Derimot kom han på andreplass i den alpin kombinasjonen, den stod ikkje på OL-programmet men talde som VM-øving. Han tok ei bronsemedalje i storslalåm under VM 1970 i Gherdëina.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1964: Nr 13 i utfor under vinter-OL i Innsbruck 1966: Nr 8 i storslalåm i VM i alpint i Portillo 1968: Sølvmedalje i den alpine kombinasjonen i VM i alpint, nr 4 i slalåm og nr 7 i storslalåm under vinter-OL i Grenoble 1970: Bronsemedalje i storslalåm og nr i 6 i slalåm i VM i alpint i Gherdëina
Verdscupsigrar Dato Stad Land Øving 14. januar 1968 Wengen Sveits Slalåm 21. januar 1968 Kitzbühel Austerrike Slalåm 21. mars 1969 Waterville Valley USA Storslalåm 17. januar 1970 Kitzbühel Austerrike Slalåm 20. januar 1970 Kranjska Gora Jugoslavia Slalåm
Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen bygger på «Dumeng Giovanoli» frå , den 18. februar 2012.
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1964 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1968