Heike Kamerlingh Onnes () var ein nederlandsk fysikar og er kjent for undersøkingane sine av eigenskapane til gassar, metall og metall-legeringar ved låge temperaturar.
Han var professor i Leiden. Han var den første som framstelte flytande hydrogen (1906). I 1908 lukkast det han å kondensere helium ved ein temperatur på 4 K, og ved å la flytande helium fordampe nådde han ned i ein temperatur på 1 K. Kamerlingh oppdaga superleiing i 1911.
Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1913 for forskinga si på ekstremt låge temperaturar (nær det absolutte nullpunktet), ei forsking som mellom anna førte til produksjonen av flytande helium.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heike Kamerlingh Onnes» frå , den 21. februar 2012. Heike Kamerlingh Onnes. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Heike_kamerlingh_onnes
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nederlandske fysikarar Kategori:Nederlandske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Groningen Kategori:Nederlandske oppfinnarar Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet