thumb|Igor Tamm som motiv på russisk frimerke frå 2000. Igor Jevgenjevitsj Tamm () var ein sovjetisk fysikar, kjend for arbeid innan kvantefysikk, strålingsteori, plasmafysikk og kjernefysikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1958 saman med Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov og Ilja M. Frank for oppdaginga og tolkinga av Tsjerenkoveffekten.
Livsskildring Tamm vart fødd i Vladivostok i Russland i 1895. Bestefaren, Teodor Tamm, hadde emigrert frå Thüringen i Tyskland til Russland., og fleire kjelder oppgjev at han var jøde. Foreldra heitte Olga og Evengij og faren var sivilingeniør. Han studerte fysikk på gymnaset i Elisavetgrad (nå Kropyvnytskyj) i Ukraina. Åra 1913-14 studerte han ved universitetet i Edinburgh.
Under fyrste verdskrig deltok han som frivillig i saniteten i den raude hæren. Han tok aktivt del i revolusjonsrørsla i 1917 som krigsmotstandar og under marsrevolusjonen var han med i fleire revolusjonskomitéar. Sidan fullførte han fysikkstudia ved statsuniversitetet i Moskva i 1918.
Tamm gifta seg med Natalija Sjujskaja i september 1917; dei fikk to barn, Irina (1921-2009) som vart kjemikar, og Evengij (1926-2008), som vart fysikar og fjellklatrar. Evengij leia den sovjetiske ekspedisjonen til toppen av Mount Everest i 1982.
I 1919 var han lærer ved i fysikk i Simferopol på Krim, og seinare ved det polytekniske institutt i Odessa.
1. mai 1923 byrja Tamm å undervise i fysikk ved det statlege pedagogiske universitetet i Moskva. Same år fullførte han det første vitskaplege verket sitt, Electrodynamics of the Anisotropic Medium in the Special Theory of Relativity.Evgenij Lʹvovitsj Feinberg, Reminiscences about I. E. Tamm (1987) På denne tida var han oppslukt av fysikk, han skreiv i eit av breva sine at fysikk var alt han tenkte på, i tillegg roste han Albert Einstein for relativitetsteorien. I 1928 var han eit par månader med Paul Ehrenfest ved Universitetet i Leiden. Frå 1934 var han òg leiar for den teoretiske avdelinga ved fysikkinstituttet til Vitskapsakademiet ved Lebedev-instituttet.
Under andre verdskrigen var han fysikar for staten og utvikla teorien om atomkjernen og elementærpartiklane, i samband med utviklinga av hydrogenbomba. Mellom 1949 og 1953 budde han i «den hemmelege byen» Sarov som leiar av ei gruppe som skulle utvikle ei hydrogenbombe, men han slutta arbeidet der kort tid etter den fyrste hydrogenbomba var detonert, og for attende til Lebedev-instituttet i Moskva.
I 1934 foreslo Tamm og Semjon Altsjuller at nøytron har ei magnetisk rørsle som ikkje er lik null.Tamm, Igor Jevgenjevitsj og Alshuler, Semjon, Magnetic moment of a neutron, Reports of the Academy of Science USSR, s. 1, 8, 455 (1934) (russisk) (engelsk) Ideen vart møtt med skepsis, sidan nøytronet skulle vera ein elementærpartikkel utan ladning, og difor ikkje kunne han noko magnetisk rørsle. Same år la Tamm fram ideen om at proton-nøytron-interaksjonar kunne forklarast med ei utveksling av energi via ein då ukjent, men stor partikkel. (engelsk) (engelsk) Denne ideen vart seinare utvikla vidare av Hideki Yukawa til teorien om mesonkrefter.
Han var ateist.
Tamm døydde 12. april 1971 og vart gravlagt på Novodevitsjijgravstaden i Moskva.
Krateret Tamm på månen han namn etter han.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Igor Tamm» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Russiske nobelprisvinnarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Sovjetiske nobelprisvinnarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Russiske oppfinnarar Kategori:Sovjetiske fysikarar Kategori:Stalinprisen