Die Schuldigkeit des ersten Gebots («Forpliktinga av det første bodet»), K. 35, er eit kyrkjeleg syngespel (geistliches Singspiel) komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1767 då han var 11 år gammal. Det er den første operaen til Mozart, eller meir spesifikt, eit «heilag drama», som namnet indikerer. Librettoen er no tilskriven Ignaz Anton von Weiser, sjølv om Johann Adam Wieland eller Jakob Anton Marienus Wimmer vart foreslått tidlegare (på framsida står det berre «J.A.W.».)OperaGlass summary at stanford.edu
Berre den første delen av operaen vart komponert av Mozart; medan den andre og tredje delen er tilskriven høvesvis Michael Haydn og Anton Cajetan Adlgasser. Desse to delane har derimot ikkje overlevd.WienMozart2006 page on Die Schuldigkeit des ersten Gebots
Den første delen av operaen vart første gong framført 12. mars 1767 i Riddarhallen på slottet til erkebiskopen i Salzburg. Del 2 vart framført 19. mars, og del 3 den 26. mars.
Roller RolleStemmePremierebesetning, 12. mars 1767Gerechtigkeit, divine justicesopran Marie Anna BraunhoferChristgeist, den kristne andatenorAnton Franz SpitzederBarmherzigkeit, barmhjartigheitsopranMarie Magdalena LippEin lauer und hinnach eifriger Christ, ein halvhjarta, men seinare nidkjær kristentenorJoseph MeissnerWeltgeist, verdslegheitsopranMarie Anna Fesemayer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Die Schuldigkeit des ersten Gebots» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Libretto
Kategori:Operaer av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Tyskspråklege operaer Kategori:Syngespel Kategori:Musikk i 1767 Kategori:Operaer frå 1700-talet