Lene E. Westerås () er ein norsk skjønnlitterær forfattar, omsetjar og sakprosaforfattar.
Ho debuterte i 2010 med biletboka Vilja på handletur, og i 2011 kom diktsamlinga Elefantens sorgdeport.
Westerås har teke forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø. Ho er busett i Tromsø. I 2007 og 2008 var ho styreleiar for Nordnorsk Forfatterlag og ho var styreleiar for litteraturfestivalen Ordkalotten frå 2008 til 2010. Frå 2005 til 2010 var ho medredaktør i det litterære tidsskriftet Kuiper, som ho også var med og stifta. Ho var styreleiar for foreininga Litteraturhus Nord 2009-2014. Ho har medverka i ei rekkje antologiar og gjendikta poesi av den engelskspråklege indiske forfattaren Anjum Hasan til norsk. Ho var redaktør og medforfattar i Palestinakomiteen si 40-års jubiluemsbok, Med håpet som våpen, i 2009. Dei siste åra har ho jobba mykje i Libanon, i palestinske flyktningleirar med Workshops in Creative Writing.
Bøker 2010 – Vilja på handletur – Biletbok, illustrert av Akin Düzakin 2011 – Elefantens sorgdepot – Diktsamling 2012 – Jalvar Yang og den uforunderlige dagen – Biletbok, illustrert av Jens Kristensen 2014 – Jalvar Yang og elefanten med de røde ørene – Biletbok, illustrert av Jens Kristensen
Gjendiktingar 2011 – Anjum Hasan: Gata på toppen av en ås – Gjendikta frå engelsk
Andre bøker 2009 – Med håpet som våpen – Medredaktør og forfattar
2014 – Amiras palestinske kjøkken – Fotograf, forfattar er Sylvi Inez Liljegren Referansar
Bakgrunnsstoff Bloggen til Lene E. Westerås Lene E. Westerås i Biblioteksøk Utgjevingar av Lene E. Westerås i BIBSYS Ask
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Folk frå Tromsø Kategori:Forfattarar frå Troms Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2010