Martyralleen eller Şəhidlər Xiyabanı (tidlegare Kirovparken) er ein gravplass og minnesmerke i Baku i Aserbajdsjan tileigna dei som vart drepne av den raude armeen under Svart Januar og seinare til dei som vart drepne i Nagorno-Karabakh-krigen.
Historie I tida etter fyrste verdskrigen braut det ut kampar som følgje av den russiske borgarkrigen. Fire grupper kjempa om kontroll over Baku-området då Det russiske imperiet kollapsa. Dei som kjempa mot kvarandre var bolsjevikane, mensjevikane, armenarar og aserbajdsjanarar. Mange vart drepne i kampane, inkludert menn frå ein liten britisk styrke som vart sendt for å hindre at Baku fall til osmanarane eller tyskarane.
Staden var opphavleg ein tidlegare muslimsk gravplass, der dei gravlagde var offer for marsdagane i 1918, som var ein del av dei lokale kampane i den russiske borgarkrigen. (aserbajdsjansk)
Gravplassen vart fullstendig øydelagd og lekamane flytta frå staden etter at bolsjevikane kom til makta. Dei skapte ein underhaldningsplasse på staden og sette opp ein statue av Sergej Kirov, ein høgtståande bolsjevikleiar. (russisk) Etter at Sovjetunionen kollapsa vart statuen og underhaldningsparken fjerna og staden vart igjen nytta som gravstad for nasjonale heltar. Somme av dei første mennene som vart æra med det nye minnesmerke var dei som døydde under Svart januar i 1990 då sovjetiske styrkar invaderte Baku.
Minnesmerket vart igjen nytta for dei som døydde i Nagorno-Karabakh-krigen, ein armert konflikt som fann stad frå februar 1988 til mai 1995 i den vesle enklaven Nagorno-Karabakh sørvest i Aserbadsjan, mellom dei etniske armenarane som var majoriteten i Nagorno-Karabakh med støtte av Armenia, og Aserbajdsjan.
Utforming Det er estimert at kring 15 000 menneske er gravlagd på gravplassen. Han ligg på ein ås sør i byen med utsyn over Kaspihavet. Tusenvis vitjar heilagdomen for å ære dei som gav livet sitt for aserbajdsjansk sjølvstende.
Minnesmerke Den evige flammen ved Martyralleen, ofte dekt av gravkransar, vert ofte vitja av statsleiarar som vitjar Baku. (russisk)
Ved Martyralleen er det òg gravlagd 1130 tyrkiske soldatar som vart drepne då dei kjempa mot bolsjevikane og armenarane i slaget ved Baku i 1918. Ved sidan av minnesmerke ligg Martyrmoskeen, òg bygd av tyrkarane. Minnesmerke er ei sekskanta blokk kledd i raud granitt og på kvar side ein halvmåne og ei stjerne i kvit marmor frå det tyrkiske flagget.
Ikkje langt frå det tyrkiske minnesmerket står ein liten mur til minne om dei britiske soldatane som mista livet i same konflikten.
Kjende personar
Av kjende personar som ligg gravlagd på gravlpassen er journalistane Chingiz Mustafayev and Salatyn Asgarova, som vart drepne i Nagorno-Karabakh-krigen.Təsisçilər Şurası (aserbajdsjansk)
Den første grava langs sjølve Martyralleen høyrer til ekteparet Fariza og Ilham Allahverdijev som døydde under Svart Januar. Dei hadde begge flykta frå Nagorno-Karabakh-krigen til Baku, då Ilham vart skoten av sovjetiske soldatar. Då Fariza fekk høyre at mannen hennar var død tok ho livet sitt etter to forsøk.Январский террор проармянской советской власти и непоколебимость героизма азербайджанского народа (russisk)Аллахвердиев Ильгам Аждар оглы, 1962 года рождения (russisk) I dag er grava deira eit symbol for aserbajdsjanarane på truskap og kjærleik.В Азербайджане вспоминают жертв трагедии 20 января 1990 года (russisk)
Galleri
Sjå òg Svart januar Khojaly-massakren Slaget ved Baku
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Martyrs' Lane» frå , den 10. april 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Gravplassar i Baku Kategori:Monument og minnesmerke i Aserbajdsjan Kategori:Turistmål i Baku