Øystein Øvretveit () er ein norsk fotballmålvakt. Øvretveit er oppvaksen i Sund kommune på Sotra og spelar på Fotballklubben Jerv (2020).
Han spela i .
Øvretveit var viktig på gutelaget til Brann som vann NM hausten 2010. Han kom til Brann som 15-åring etter å ha spelt ein periode for , men spelte dei første åra sine for . Øvretveit spelte dei fleste kampane for Brann 2 i tredjedivisjon våren 2011, i tillegg til kampane til juniorlaget.
Øvretveit vart tekne ut av trening i fleire månader vinteren 2011-2012 på grunn av uregelmessige hjarteslag, men vart friskmeldt og rykte opp som tredjekeeper for laget i 2012, bak Jørgen Mohus og Piotr Leciejewski.
Øvretveit blei tredjemålvakt for A-laget til SK Brann i 2012-sesongen. Men då andremålvakt Jørgen Mohus skadde fingeren ei veke før start, og fyrstemålvakt Piotr Leciejewski skadde skuldra i kampen mot Rosenborg 25. mars, debuterte Øvretveit som Brann-målvakt i Tippeligaen då han kom inn innbyttar i denne kampen, 17 år gammal. Leciejewski kom attende frå skaden to veker seinare, og i mellomtida vart Hannes Halldorsson vart henta inn som andreval ut april. Leciejewski vart skadd igjen på 16. mai-kampen dette året, og igjen vart Øvretveit bytta inn. Leciejewski vart ute ei stund, og Øvretveit fekk dermed tre kampar frå start mot Aalesund, og . Som 17 åring hadde han dermed fått fem kampar i Tippeligaen.
Øvretveit har spelt for alle aldersklassane av landslaget frå G15 opp til G19. Han debuterte for G15 22. september 2009 i ein kamp mot Sverige. Året etter spelte han sju kampar for G16 og i 2011 ni kampar for G17. Same året debuterte han for G18, som han spelte seks kampar før, før han i april 2012 debuterte for G19.Spelarfakta er henta frå Altomfotball.no
I januar 2013 forlenga Øvretveit avtalen sin med Brann og har kontrakt fram til og med sesongen 2015.
Spelarfakta er henta frå Altomfotball.no
Kjelder
Kategori:Brann-spelarar Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Folk frå Sund Kategori:Målvakter i fotball