Gråbukpetrell (Pterodroma inexpectata) er ein pelagisk sjøfugl og ein medlem av slekta Pterodroma-petrellar. Som hekkefugl er han endemisk for øyar i sørlege New Zealand. Han er ein sterk flyttfugl som migrerer til nordlege Stillehavet.
Skildring Fuglen er 33–35 cm i storleik, med 74–82 cm i vengespenn, og han veg ca. 325 gram.Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005 Han har kvitt andlet med grå flekker, elles grå på hovudet og heile oversida. Undersida er kvit bortsett frå eit felt frå nedre bryst og over heile buken som er grått. Undervengen er kvit med eit diagonalt mørkt band frå vengknoken mot kroppen. Nebbet er lite og svart.
Denne arten er svært pelagisk, nærmar seg sjeldan land, bortsett frå å hekke og å bringe fram føde til ungen. Gråbukpetrellar et mest fisk, med tar òg noko blekksprut og krepsdyr. Det meste av føda tar dei når dei ligg på sjøen, elles kan dei stupe frå lufta. Dette er ein transekvatorial migrant, hekkar på nokre av dei mindre sørlege øyane ved Sørøya på New Zealand og i Fiordland, trekkjer til Beringhavet, og konsentrere seg i Alaskagolfen og Aleutene.
Gråbukpetrellen hekkar i hòler og steinsprekker. Dei var tidlegare meir talrike enn i dag. Populasjonen er påverka av predasjon av introduserte pattedyr. Den største hekkekolonien finst på Codfish Island ved Stewart Island/Rakiura på 3-400 000 par. (1996) Estimat for totalpopulasjonen er 1,5 mill individ.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Mottled Petrel» frå , den 30. mai 2012 BirdLife International (2012) Species factsheet: Pterodroma inexpectata . Henta frå http://www.birdlife.org den 30 mai 2012.
Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av gråbukpetrellar hos Internet Bird Collection
Kategori:Stormfuglfamilien