In the Court of the Crimson King er debutalbumet til den britiske progrockgruppa King Crimson. Albumet nådde femteplassen i Storbritannia og selde til gullplate i USA.RIAA: Gold & Platinum

Albumet vert generelt rekna som eit av dei sterkaste innan sjangeren progressiv rock, der King Crimson i stor grad tok bort det blues-baserte grunnlaget i rock og blanda det med element av jazz og klassisk symfonimusikk.

Albumet vart mastra på ny og gjeven ut på vinyl og CD fleire gonger i 1980- og 1990-åra. Alle desse versjonane er baserte på fleire generasjonar kopar av dei originale lydbanda. Ein trudde lenge at dei originale lydbanda var gått tapt, men dei vart omsider funnen i eit lager i 2003. Dette har ført til CD-versjonar med langt betre lyd sidan.

Plateomslaget Barry Godber (1946–1970), ein dataprogrammerar, måla plateomslaget. Gober døydde i februar 1970 av hjarteattakk, kort tid etter albumet kom ut. Det vart det einaste måleriet han måla, i dag eigd av Robert Fripp.BatGuano.com Fripp hadde dette å sei om Godber:

Produksjon

Dei første innspelingane for albumet vart gjort tidleg i 1969 med produsent Tony Clarke, mest kjend for arbeidet sitt med The Moody Blues. Etter at desse innspelingane ikkje fungerte, fekk bandet lov å gjere produksjonsjobben aleine. Albumet art spelt inn på ein 8-kanals lydbandopptakar i Wessex Sound Studios i London, med Robin Thompson som lydteknikar. Det tok mange timar med overdubbing for å bygge opp orkesterlyden med fleire lag av Mellotron og treblåseinstrument spelt av Ian McDonald.

Kort tid etter innspelinga var ferdig i 1969 vart det oppdaga at innspelingshovuda på stereoopptakaren ikkje var rett innstilt. Mangel på høgre frekvensar og uønskt forvrenging påverka derfor delar av albumet, mest tydeleg på «21st Century Schizoid Man». Dei originale masterlydbanda vart arkivert og gløymt i mange år. Det vart laga ein kopi av lydbanda for den første amerikanske utgjevinga av albumet der dei prøvde å rette på nokre av lydproblema.

Utgjeving

Då albumet først kom varierte kritikarane frå dårleg til bra. Robert Christgau hata albumet og kalla det «kunstskit». Rolling Stone var meir positiv og skreiv «dei har kombinert aspekt av mange musikkformer og skapt eit surrealistisk verk med kraft og orginalitet.»

Albumet har sidan fått status som ein klassikar og Allmusic skriv om det: «som om det var noko profetisk, kasta King Crimson ut ei mørkare og skarpare form for post-psykedelisk rock».

I boka si Rocking the Classics frå 1997, skriv Edward Macan at In the Court of the Crimson King «kan vere det mest innverknadstunge progressive rockealbumet som nokon gong er komen ut».Macan, Edward (1997). Rocking the Classics: English Progressive Rock and the Counterculture, Oxford University Press, , p. 23. Pete Townshend i The Who har kalla albumet «eit fabelaktig meisterverk». I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock vart albumet plassert på fjerdeplassen på lista deira «40 Cosmic Rock Albums».Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005. Albumet vart kåra til eit av «50 albumet som bygde progrock» i Classic Rock.Classic Rock magazine, 2010. juli Issue 146. I 2014 kåra lesarane av Rhythm albumet til det åttande beste trommealbumet i historia til progressiv rock. I 2015 kåra Rolling Stone In the Court of the Crimson King til det nest beste progrockalbumet gjennom tidene, etter Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon. Albumet er òg med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

CD-utgåver

Albumet kom ut på ny på LP og CD i 1980- og 1990-åra på Polydor og EG Records. Lydbanda som var nytta var tredjegenerasjonskopiar av den opphavlege kopien av lydbanda. Dette førte til at lyden ikkje var så skarp som den kunne vore og at ein fekk uønskt susing med. Dei originale lydbanda vart oppdaga i 2003 og i 2004 kom ein HDCD-versjon ut på Fripp sin eigen Discipline Global Mobile. Denne utgåva hadde langt betre lydkvalitet. I 2009 kom ei 40-årsjubileumsutgåve, miksa i kringlyd.DGM news There are three different versions: a two-CD set, a CD+DVD set and a six-disc (5CD/1DVD) box.

Innhald

40-årsjubileumsutgåva frå 2009

Medverkande King Crimson Robert Fripp – elektrisk og akustisk gitar, produsent Michael Giles – trommer, perkusjon, korvokal, produsent Greg Lake – solovokal, bassgitar, produsent Ian McDonald – blåseinstrument (saksofon, fløyte, klarinett, bassklarinett), klaverinstrument (Mellotron, cembalo, piano, orgel), vibrafon, korvokal, produsent Peter Sinfield – tekstar, opplysing, produsent

Prroduksjon Robin Thompson – lydteknikar Tony Page – assisterande lydteknikar Barry Godber – illustrasjonar på plateomslag

Salslister Liste (1969–1970) Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «In the Court of the Crimson King» frå , den 12. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Island Records-album Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:E.G. Records-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:King Crimson-album Kategori:Album produserte av Robert Fripp Kategori:Album produserte av Ian McDonald Kategori:Album produserte av Greg Lake Kategori:Album produserte av Michael Giles Kategori:Album produserte av Peter Sinfield