Yli Lompolo (Yli Lombolo) er ein grunn innsjø vest for bydelen Lombolo i Kiruna. Innsjøen grenser i sør og sørvest til våtmark, og i nord mot E10.

Yli Lompolo har tilførsel frå Luossajärvi via Luossajoki i nord, og vert drenert via Luossajoki til Ala Lompolo i sør. Sidan innsjøen er så grunn (gjennomsnittsdjupna er ca. ein meter) består botnen først og fremst av såkalla erosjon- og transportbotn, noko som medfører at partikler ikkje sedimenterer og blir på botnen særleg lenge, men driv vidare nedstraums.

Fram til 1954-55, då eit renseverk vart bygd, mottok innsjøen det kommunale avløpsvatnet via Luossajoki. Avløpsvatnet var ureinsa og inneheldt dessuten høge verdiar av tungmetall, særskild kvikksølv, med gruveverksemda i Kiirunavaara ved Luossajärvi. Det er framleis høge verdiar av kvikksølv i innsjøsedimenta.

Begge Lompolo-sjøane er hekkeplassar for mange fuglar, blant dei horndykkar og lappfiskand. Òg songsvane og ender pleier å halde til i vatnet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yli Lompolo» frå , den 15. juni 2012.

Kategori:Innsjøar i Lappland i Sverige Kategori:Kiruna kommun