Jurij Valentinovitsj Zjirkov () er ein russisk fotballspelar. I 2012 spelar han for Anzji Makhatsjkala i den russiske fotballigaen, og for det russiske landslaget.
Zjirkov vart seriemeister i Russland med CSKA Moskva i 2005 og 2006 og cupmeister med same klubb i 2005, 2006, 2008 og 2009. Han vart kåra til årets spelar i Russland i 2008 av lesarane av bladet Futbol. I 2009 reiste han til England og Chelsea, der han tok del i 17 av seriekampane då Chelsea vann Premier League i 2010. Han debuterte for A-landslaget 9. februar 2005 i ein kamp mot Italia.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske fotballspelarar Kategori:CSKA Moskva-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Anzji Makhatsjkala-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2021