Bernt Assar Rönnlund () var ein svensk langrennsløpar frå Umeå. I løpet av si tid som aktiv vann han seks VM- og OL-medaljar, tre i VM og tre i OL, tre i stafett og tre individuelt, tre i gull og tre i sølv. Mellom 1959 og 1969 vann han 13 individuelle svenske meisterskap og eitt SM-gull med IFK Umeå.
Karriere Rönnlunds store meisterskap var VM 1962 i Zakopane, der han vart verdmeister både på 15 km og 4 x 10 km stafett, i tillegg tok han sølvmedaljen på femmila bak landsmannen Sixten Jernberg.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: Nr 12 på 50 kilometer Ski-VM 1962 i Zakopane: Gullmedalje på 15 km og 4x10 km stafett, sølvmedalje på 50 km og nr 6 på 30 km Vinter-OL 1964 i Innsbruck: Sølvmedalje på 50 km og gullmedalje på 4x10 km stafett Vinter-OL 1968 i Grenoble: Sølvmedalje på 4x10 km stafett, nr 10 på 50 km og nr 11 på 30 km
Gullmedaljar i svenske meisterskap 1959: 30 km 1962: 15 km, 50 km og 3x10 km stafett 1963: 30 km og 50 km 1964: 30 km 1965: 15 km og 30 km 1966: 50 km 1967: 15 km, 30 km og 50 km 1969: 50 km
Rönnlund vann Vasaloppet i 1967. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje i 1962, og 1968 fekk Holmenkollmedaljen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Assar Rönnlund» frå , den 15. juli 2012.
Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968