2004 (romartal MMIV) var eit skotår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar Utlandet 18. februar: I underkant av 300 menneske omkom ved Neyshabur i Iran då eit løpsk godstog med svovel, bensin og gjødsel tok fyr og eksploderte. 11. mars: 198 menneske omkom og ca 1400 blei skadde i ein serie terrorangrep i den spanske hovudstaden Madrid. 14. mai: Kronprins Frederik av Danmark gifta seg med Mary Donaldson i København. mini|Jordskjelv og flodbølgje i Indiahavet 30. juli: Over 15 blei drepne og over 100 skadde då ei gassrøyrledning eksploderte utanfor den belgiske byen Ath. 26. desember: Jordskjelv i Indiahavet førte til ein tsunami som tok livet av over 285 000 menneske. Mellom desse var 84 nordmenn.
Noreg 25. mai: Kong Harald overrekte Abelprisen 2004 til Isadore M. Singer og Michael Francis Atiyah i aulaen ved Universitetet i Oslo. 5. april: Norsk Kontantservice i Stavanger blei rana. Ein politimann blei skoten og drepen. Ranet blei omtala som det største og mest brutale ran i norsk historie. 20. juni: Den første utgåva av Skolelinux kom ut. 31. juli: Nynorsk Wikipedia vart oppretta.
Fødde 21. januar: Prinsesse Ingrid Alexandra
Døde mini|Yasir Arafat døydde 11. november
13. januar: Arne Næss jr., norsk fjellklatrar og forretningsmann 29. januar: Helge Seip, norsk journalist politikar 6. februar: Jens Evensen, norsk jurist, politikar og forretningsmann 10. februar: Nils Aas, norsk bilethoggar 12. mars: Finn Carling, norsk forfattar 21. mars: Ludvig Karlsen, norsk predikant 28. mars: Peter Ustinov, britisk skodespelar 29. april: Johannes H. Berg Jr., norsk rollepel- og Tolkien-fantast 6. mai: Kjell Hallbing, norsk forfattar 11. mai: Per Øyvind Heradstveit, norsk journalist 13. mai: Kjell Bækkelund norsk pianist 18. mai: Elvin Jones, USA-amerikansk trommeslagar 5. juni: Ronald Reagan USA-amerikansk president 10. juni: Ray Charles, USA-amerikansk bluesmusikar 1. juli: Marlon Brando, USA_amerikansk skodespelar 28. juli: Francis Crick, britisk vitskapsmann, vann Nobelprisen i medisin 8. august: Paul Adair, USA-amerikansk oljearbeidar 13. september: Torkel Ravndal, norsk vektløftar 11. november: Yasir Arafat, palestinsk poliitsk leiar