1804 (romartal MDCCCIV) var eit skotår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen. mini|Keisar Napoleon, måla av Jacques-Louis David i 1805. Hendingar

Utlandet 1. januar: Haiti fekk sjølvstende frå Frankrike. 14. februar: Utbrot av eit serbisk opprør mot dei osmanske styresmaktene. 2. desember: Kroninga av Napoleon Bonaparte til fransk keisar. Richard Trevithick og Andrew Vivian bygde eit damplokomotiv i Merthyr Tydfil, i Wales.

Noreg 24. oktober: Hans Nielsen Hauge arrestert for tiande gong Agdenes fyrstasjon kom i drift Arbeidet med Den trondhjemske postvei vart avslutta

Fødde mini|Nordlys over fire menn i robåt, eit måleri av Peder Balke som vart fødd på Helgøya den 4. november

5. februar: Johan Ludvig Runeberg, finlandssvensk forfattar 14. mars: Johann Strauss d.e., austerrikisk komponist 12. mai: Johan Jørgen Krohn, norsk forleggjar 1. juli: Aurore Dupin, kjend som forfattaren George Sand 4. juli: Nathaniel Hawthorne, amerikansk forfattar 3. november: Constantin Hansen, dansk målar 4. november: Peder Balke, norsk målar 21. desember: Benjamin Disraeli, britisk statsmann

Døde

12. februar: Immanuel Kant, tysk filosof 2. oktober: Joseph Cugnot, fransk ingeniør