Optymistytsjna (ukrainsk Оптимістична; russisk Оптимистическая, tyder 'optimistisk') er ei gipsgrotte ligg nær Korolivka i Borstsjiv rajon i Ternopil oblast i Ukraina. Fram til 2005 var 230 km av grotta kartlagd og ho er den lengste grotta i Eurasia. Somme kjelder skriv at ho er 214 km lang, noko som gjer ho til den tredje lengste i verda etter Mammutgrotta og Juvelgrotta og den lengste gipsgrotta i verda.
mini|venstre|Frå Optymistytsjna. Heile grotta ligg under eit 2 km² området i gips frå øvre tertiærtida som er mindre enn 20 meter tjukt. Passasjane er ofte låge og ofte fylte med gjørme. Grotta består av eit nettverk av gangar i fleire nivå og grotta er derfor ein labyrint.
Grottekomplekset vart oppdaga av speleologar frå Lviv i 1966. Grotta ligg ikkje langt unna Ozernaja, den 11 lengste grotta i verda med 122 km, men ein har så langt ikkje funne samband mellom dei to grottene.
I 2008 vart gruppa rekna med blant dei sju naturlege underverka i Ukraina.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:Optymistychna Cave» frå , den 5. september 2012. oppgav desse kjeldene: Description of a 1990 trip to Optymistytsjna by British grotters Table of grotte lengths The Fund of Support Scientific and Creative Initiatives
Kategori:Ternopil oblast Kategori:Grotter i Ukraina