Khotyn (ukrainsk Хотин) er ein by i Tsjernivtsi oblast vest i Ukraina og er det administrative senteret i Khotyn rajon i oblastet. Han ligg sørvest for Kamianets-Podilskyj. Byen har kring 10 000 innbyggjarar (2011).

I tidlegare tider var byen ein del av Fyrstedømet Moldavia (1359–1812), men på grunn av festninga skifta byen ofte hender og har høyrt til Det polsk-litauiske samveldet, Det osmanske riket og Austerrike-Ungarn,Encyclopædia Britannica - Khotin før han vart ein del av Bessarabia guvernement i Det russiske imperiet (1812–1917), Den moldoviske demokratiske republikken (1917–1918), Romania (1918–1940, 1941–1944) og Sovjetunionen (1940–1941, 1944–1991).

Khotyn vart først nemnt i 1001, og ligg ved høgrebreidda av Dnestr og er den historoiske regionen Bessarabia.

Khotyn (polsk Chocim; rumensk Hotin; tyrkisk Hotin; russisk Хотин, Khotin) vart erobra og kontrollert av mange statar og har hatt mange namneendringar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Khotyn» frå , den 5. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Tsjernivtsi oblast Kategori:Shtetlar