miniatyr|Oversiktskart over Scotiahavet Scotiahavet er eit randhav til Sørishavet som ligg nord for Antarktishalvøya. Det vart namngjeve i 1932 etter ekspedisjonsskipet «Scotia» som vart nytta under Scotia-ekspedisjonen (1902–04) i dette området. Encyclopedia Britannica.com Scotiahavet grensar i nord til Eldlandet og Falklandsøyane, i vest til Drakesundet, i aust til øygruppene Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og i sør av Sør-Orknøyane og Antarktishalvøya. Delar av området utgjer Scotiaplata, og delar ligg over kontinentalsokkelen til Sør-Amerika. Havet dekker eit areal på cirka 900 000 km² med ei gjennomsnittsdjupne på cirka 4 500 m og største djupne på cirka 5 840 m.
I 1916 gjennomførte den britiske polarforskaren Ernest Shackleton saman med fire andre ekspedisjonsmedlemmer ei reise over Scotiahavet etter at fartøyet deira «Endurance» hadde blitt knust i isen. Mannskapet brukte to veker på å krysse Scotiahavet frå Elefantøya til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Scotiahavet» frå , den 14. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Om området The Encyclopedia of Earth Kart over Scotiahavet
Kategori:Havområde i Sørishavet Kategori:57°S Kategori:40°W Kategori:Tundra