1611 (romartal MDCXI) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein måndag i den julianske.
Hendingar
Utlandet 30. oktober: Gustav II Adolf blei svensk umyndig konge 17 år gammal. I følgje reglar laga i 1604 ville han først bli myndig 24 år gammal. 26. desember blei Gustav II Adolf likevel erklært myndig ved ein riksdag i Nyköping, men med store ettergjevnader til adelen.
Noreg 4. april: Utbrotet av Kalmarkrigen då Danmark-Noreg erklærte krig mot Sverige. Grunnen var strid om herredømet i samiske område og Baltikum. Oktober: Stor bybrann i Christiania der 55 bygardar brann ned. Det braut ut heksehysteri i Stavanger. Kongen (Kristian Kvart) måtte gripe inn for at høgarestandskvinner ikkje skulle hamne på bålet.
Fødde
16. mai: Benedetto Odescalchi, seinare pave Innocens XI
Døde mini| Karl IX av Sverige døydde 10. oktober 1611
20. august: Tomás Luis de Victoria, spansk toneskapar 30. oktober: Karl IX av Sverige