For elva med same namn, sjå elva Aisne.
Aisne er eit departement i den nordlege delen av Frankrike, oppkalla etter elva med same namn som renn gjennom området.
Historie Aisne er ein av dei opphavlege 83 departementa som vart oppretta under den franske revolusjonen 4. mars 1790. Han vart danna av dei tidlegare provinsane Île-de-France, Picardie og Champagne.
Det meste av dei gamle skogane i området vart øydelagd under kampar i den første verdskrigen. Den tyske offensiven mot Chemin des Dames våren 1917 vert stundom kalla Det andre slaget om Aisne.
Geografi Aisne grensar mot Ardennane og Belgia i nordaust. Elva Aisne renn gjennom området frå aust til vest, der ho møter Oise. Landskapet er dominert av klipper med bratte sider. Desse klippene finn ein i heile regionen, men er mest imponerande ved Laon og Chemin des Dames.
Dei største byane i Aisne er: Laon, innb. 26 000 (prefektur) Saint-Quentin, 60 000 Soissons, 30 000 Château-Thierry, 15 000 Tergnier, 15 000
Klima Departementet får mellom 500 og 750 mm nedbør i året.
Økonomi Jordbruk dominerer økonomien, særleg kornavlingar. Roesukker er ein av dei viktgaste industriane i området. Veving av silke, bomull og ull har ein i Saint-Quentin og andre byar. Saint-Gobain er kjend for produksjon av speglar, som starta på 1600-talet. Guise er jordbrukssenteret i den nordlege delen av Aisne.
Kultur Under den første verdskrigen vart fleire viktige og historiske byningar øydelagd. Av bygningar som overlevde finn ein mellomalderkyrkjene i Laon, Braine og Urcel. Ruinane av slottet i La Ferté-Milon vart heller ikkje meir øydelagd av krigane.
Bakgrunnsstoff
Nettside for prefekturet Offisiell side Handel og industri i Aisne Jordbruk i Aisne Utvikling i Aisne Offisiel turistside
Kategori:Franske departement