Andre tydingar: skulder, aksling.
Aksel eller Axel er eit nordisk mannsnamn som oppstod som ei dansk kortform for Absalon.
Namnet er tidlegast kjend frå 1300-talet, då det blei brukt i Danmark og Bohuslän. Det spreidde seg til Noreg på 1500-talet, før det stort sett gjekk ut av bruk over heile Norden. På 1800-talet blei det igjen svært mykje brukt, og rundt 1900 blei det særleg gjeve til gutar i Nordland. Namnet var òg særs populært i Akershusområdet på 1990-talet.
Aksel har namnedag den 30. oktober.
Kjende namneberarar
Axel Oxenstierna, (1583 - 1684) svensk statsmann Aksel Sandemose (1899 - 1965), dansk-norsk forfattar Axel Kielland, (1907 - 1963) norsk forfattar Axel Jensen, (1932 - 2003) norsk forfattar Axl Rose, (f. 1962) amerikansk musikar og gitarist i Guns n' Roses Aksel Hennie (f. 1975), norsk skodespelar Aksel Lund Svindal (f. 1982), norsk alpinist
Bakgrunnsstoff
kategori:mannsnamn kategori:nordiske personnamn