Synnøve Persen () er ein samisk biletkunstnarSamisk kunstnersenter: Synnøve Persen. og forfattar. Persen er nominert to gonger til Nordisk råds litteraturpris for det samiske språkområdet, og har hatt ei lang rekkje gruppe- og separatutstillingar.
Ho har vore sentral i leiinga og organiseringa av det organiserte, samiske kunstlivet gjennom dei siste 30 åra. Synnøve Persen var ein av initiativtakarane til den såkalla Masi-gruppa, som representerte ein ny og moderne retning innan samisk kunst. I perioden 1997-2001 var Synnøve Persen medlem av Norsk kulturråd. Ho har dessutan vore oppnemnt frå politisk og anna hold som representant til ulike utval under Norsk Kulturråd, til Samisk ALTE-utval og som fagkonsulent for komitéar under Dei Samiske Samlingane og som rettleier for hovudfagsstudentar.
Ho var på 1980-og 90-talet involvert som fagkonsulent ved innkjøp av kunst ved Dei Samiske Samlingane, Nordnorsk kunstmuseum og Samisk kulturråd. I same periode har ho delteke i og leia utreiingsarbeid knytt til etablering og fagplanar for Samisk kunsthandverk- og kunsthøgskole, samisk kunstutdanning. Ho har ikkje minst vore sentral i arbeidet med etableringa av Samisk kunstmuseum.
Persen var samepolitisk engasjert og aktiv under Altakonflikten og deltok i Sveltestreiken føre Stortinget i 1979. Det er likevel som radikal kraft innan organiseringa av det samiske kunstsfæren og moderniseringa av den samiske kunsten Persen har markert seg sterkast.
Kunst og kritikk På 1970- og 80-talet engasjerte Persen seg saman med andre kulturarbeidarar i arbeidet med erkjenning og utvikling av samiske politiske og kulturelle rettar. Ho var ein av grunnleggjarane av Masi-gruppa,NRK: Njuhtamat - Malerier - Paintings 1978-2000 som viste at det er mogleg å vere både same og kunstnar. I byrjinga av Alta-konflikten var Persen student ved Statens Kunstakademi, og på det avsluttande året sitt (hausten 1977) vart elevarbeida hennar lansert som eit førsteutkast til det samiske flagget,men ikkje av Persen sjølv. Synnøve Persen deltok under sveltestreiken føre Stortinget i 1979.
Sjølv om Persen ikkje sjølv var spesielt aktiv i sjølve Alta-konflikten utover sveltestreiken i 1979, så er det likevel rimeleg å hevde at den politiske aktivismen på 1970-talet, og Alta-konflikten spesielt, var utløysande for eitt nytt (sjølv)medvit omkring samisk kultur, identitet og det samiske kunstomgrepet meir generelt.
Ho var òg sentral i oppbygginga av Samisk kunstnarsenter og Samisk kunstnarforbund. Dei seinare åra har ho konsentrert seg om det kunstneriske virket sitt. Men ho har ved fleire høve uttalt seg svært kritisk om Sametinget og norsk samepolitikk: «Jeg tror nok mange tenker at nå har samene fått sameting, og da er vel alt bra. I virkeligheten har vel det meste fortsatt som før, forskjellen er bare at makta går i kofter og er midt blant oss.»Dagbladet: Knusende dom over Sametinget, 5. desember 2004
Biografi
Persen tok kunstutdanning på 1970-talet, først ved Granums tegne- og maleskole i Oslo (1971), så ved Kunstskolen i Trondheim (1972) og deretter ved Statens Kunstakademi (1972–1978) i Oslo.
Verv
Persen har i heile sitt virke hatt verv i samiske, nordnorske og norske kunst- og kulturorganisasjonar i gjennom sine medlemskap i ulike kunstnarorganisasjonar.
Medlem SDS fondsstyre, 2009-12 NNBKs valgkomite, 2009-11 SGS repr. i Statens forhandlingsutvalg om bibliotekvederlag, 2006 Leiar Samisk Kunstnerråds Forhandlingsutvalg med Sametinget, 2005-07 Styremedlem Nord-Norske Bildende Kunstnere, 2005-06 Styremedlem stiftelsen Kunstskolen i Karasjok, 2004-10 Leiar Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond, 2003-06 Nestleiar Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond, 2002-03 Nestleiar Nordnorsk Forfatterlag, 1994-95 Leiar Samisk Kunstnerråd, 1991-92: Leiar Trøndelag Bildende Kunstnere, 1986-88 Leiar SDS's Kunstneriske Råd, 1984-86: Styremedlem Nordisk Kunstforbund, 1981-84 Leiar samisk seksjon i Nordisk Kunstforbund, 1981-84 Leiar Sámi Dáiddačehpiid Searvi (Samisk kunstnerforbund), 1980-83, 1989-93
Bibliografi
Alit lottit girdilit (dikt, nordsamisk språk) 1981; gjendiktet til norsk av Laila Stien i 1983 med tittelen Blå fugler flyr Biekkakeahtes bálggis (dikt, nordsamisk språk) 1992; (Norsk omsetting: Vindløs sti) Nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå det samiske språkområdet i 1993. Ábiid eadni (dikt, nordsamisk språk) 1994; gjendikta til norsk av forfattaren med tittelen Havets mor (dikt) Muora ii galgga sojahit eambbo go gierdá (saman med Bente Geving), Idut (1999) ISBN 82-7601-046-6 Meahci šuvas bohciidit ságat (dikt, nordsamisk språk) 2005; gjendikta til norsk av forfattaren med tittelen Av skogens sus spirer nytt (dikt) Nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå det samiske språkområdet i 2008. Samerådets litteraturpris for den samiskspråklege utgåva i 2006.
Separatutstillingar
Tromsø kunstforening, 2010 Sámi Dáiddaguovddáš – Samisk Kunstnersenter, Karasjok, 2009 MS ”Finnmarken”, OVDS, 2004 Nordkappmuseet, Honningsvåg, 2002 De Samiske Samlinger, Karasjok, retrospektiv, 2000 Rogaland Kunstnersenter, Stavanger, 1994 Samisk kunstnersenter, Karasjok, 1993,96,2000 Stabbursnes Naturhus og Museum, Porsanger, 1990 Arctic Gallery, Tromsø, 1989 Tromsø Kunstforening, 1983,93
Utsmykingar
330 skvadron, Bodø (KORO), 2010 Hjelpemiddelsentralen, Lakselv, 1999 Landgangsfartøyet "Sørøysund", Tromsø skipsverft, 1996 Regionsjukehuset i Tromsø, Tromsø, 1991 Holmen videregående skole, Løten, 1990 Finnmark fylkesbygg, Vadsø, 1987 NRK Sameradioen, Karasjok, 1986 Samisk videregående skole, Karasjok, 1981 Hammerfest sykehus, Hammerfest, 1981 Láhpoluobbal skole, Láhpoluobbal, 1980
Innkjøpt
Sametingets innkjøpskomite, 2009 Sparebank 1 Nord-Norges Kunststiftelse, 2009 Sametingets administrasjon, 2009 Sametinget – gåve til HM Kong Haralds 70 årsdag, 2007 Sametinget, Sverige, 2004 Luleå kommune, 2001 Samisk kulturråd, 1993,96,2000 Troms fylkeskommune, 1993 Nordnorsk Kunstmuseum, 1989 Lillehammer bys malerisamling, 1988 Statens konstråd, Sverige, 1987 Sør-Trøndelag fylkeskommune, 1984,85 De Samiske Samlinger, 1979 Norsk kulturråd, 1978,79,83,84,89
Prisar og stipend I 2018 fekk ho Norsk kulturråds ærespris Nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå samisk språkområde med diktsamlinga meahci šuvas bohciidit ságat Samerådets litteraturpris 2006 for diktsamlinga meahci šuvas bohciidit ságatSamerådet: litteraturpriser Biret Elle minnepris, 2000 Nominert til Nordisk Råds litteraturpris frå samisk språkområde for diktsamlinga biekkakeahtes bálggis, 1993 SKFV reisestipend/ SKFV materialstipend, 2010 Sametingets reisestipend, 2007 Statens Garantinntekt, 2004 Sametingets arbeidsstipend, 2003-04 Statens utstillingsstipend, 1999 Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond, arbeidsstipend, 1997 Samiske Kunstneres og Forfatteres Vederlagsfond, prosjektstipend, 1994,96 Ulrik Hendriksens minnestipend, 1994 Finnmark fylkeskommunes 3-årige arbeidsstipend, 1992-94 Materialstipend (Statens stipend for samiske kunstnere), 1992, 96,2001 Etableringsstipend for skjønnlitterære forfattere (Statens stipend for samiske kunstere), 1989 John Savio BKH-stipend, 1985,87 Statens reise-og studiestipend, 1983
Referansar Denne artikkelen bygger på «Synnøve Persen» frå , den 17. desember 2012.
Kategori:Samiske kunstnarar Kategori:Samiske forfattarar Kategori:Folk frå Porsanger Kategori:Nordsamar