Ludvig Ludvigsen Munk () var greve, dansk-norsk embetsmann og statthaldar i Noreg frå 1577 til 1583.Ludvig Munk Artikkel av Magne Njåstad i Norsk biografisk leksikon

Han var lensherre i Trøndelag frå 1571 og kom med ein gong i konflikt med bøndene. Han let futane fare hardt fram for å krevje inn skattar og det vart opprør. Opprøret blei slått hardt ned på og fem av leiarane vart avretta.

Etter at Povel Huitfeldt trekte seg som statthaldar i 1577 vart Munk utnemnd i embetet og han sat i det til 1583.

Etter 1583 var han lensherre over Hedmark, deretter Lister og frå 1589 Trøndelag igjen. Han vart avsett som lensherre i 1596. Han slog seg ned på godset Nørlund på Jylland.

Munk gifta seg med den 17 år gamle Ellen Marsvin i 1589, han var da 52 år. Dei fekk dottera Kirsten Munk. Ho gifta seg med Kristian IV til venstre hand i 1615.

Referansar

Kategori:Norske statthaldarar Kategori:Folk frå dansketida Kategori:Folk frå Vejle