Didier Cuche () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Le Pâquier i Neuchâtel. Han vart verdsmeister i super-G i 2009, i tillegg har han tre sølvmedaljar frå tre ulike internasjonale meisterskap. Cuche vart nummer to i verdscupen i alpint i 2011, og vann utforcupen av verdscupen fire gongar (2007, -08, -10 og -11), medan han i 2009 vann storslalåmcupen og i 2011 også super-G-cupen.

Aktiv Cuche slo gjennom i 1998-sesongen, han kom då på åttandeplassen i verdscupen i alpint og vart nummer fire i utforcupen av verdscupen. Kort tid føre vinterolympiaden vann han i Kitzbühel sin fyrste verdscupsiger. Eit høgdepunkt i sesongen fekk også med sølvmedalje i super-G under OL 1998 i Nagano, slått av Hermann Maier og på same tid som Hans Knauß. Dei neste tre sesongane høyrde han med mellom dei beste skialpinistane i verda, men utan å toppe resultatlistene.

I 2002-sesongen vart Cuche nummer tre i verdscupen i alpint, nummer to i super-G-cupen og kom på fjerdeplass i storslalåmcupen. Også 2003-sesongen var ein stor sesong, med tredjeplass i storslalåm- og femte plass i den totale verdscupen.

Cuche var i sine seks siste år som heilt i toppen i verdseliten. I fire sesongar på rad, 2007-10, vart han nummer tre i verdscupen i alpint og i 2011 hadde han berre Ivica Kostelić frå Kroatia føre seg når alle poenga var talde. Utforpokalen i verdscupen fekk han med seg både i 2007, -08, -10 og -11, storslalåmpokalen i 2009, det året han ikkje vann utforpokalen, og super-G-pokalen sikra han seg i 2011.

Cuche tok bronsen i den alpine verdsmeisterskapen i Åre i 2007. To år seinare vann han gull i super-G og sølv i utfor under VM i alpine greiner 2009. I sitt siste verdsmeisterskap, i Garmisch-Partenkirchen i 2011, fekk han sølv i utfor.

Cuche la opp som aktiv skirennar i 2012.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1998: Sølvmedalje i super-G og nr 8 i utfor under vinter-OL i Nagano 1999: Nr 8 i super-G under VM i alpint i Vail 2001: Nr 5 i super-G under VM i alpint i St. Anton 2002: Nr 10 i storslalåm under vinter-OL i Salt Lake City 2003: Nr 4 i utfor under alpin-VM i St. Moritz 2006: Nr 12 i super-G under vinter-OL i Torino 2007: Bronsemedalje i storslalåm, nr 4 i super-G og nr 6 i utfor under alpin-VM i Åre 2009: Gullmedalje i super-G, sølvmedalje i utfor og nr 6 i storslalåm under alpin-VM i Val-d’Isère 2010: Nr 6 i utfor under vinter-OL i Vancouver 2011: Sølvmedalje i utfor og nr 4 i super-G under alpin-VM i Garmisch-Partenkirchen

Verdscupsigrar Dato Stad Øving 23. januar 1998 Kitzbühel Utfor 5. januar 2002 Adelboden Storslalåm 7. mars 2002 Altenmarkt-Zauchensee Super-G 8. desember 2002 Beaver Creek Super-G 30. januar 2004 Garmisch-Partenkirchen Utfor 10. mars 2007 Kvitfjell Utfor 14. desember 2007 Gherdëina Super-G 19. januar 2008 Kitzbühel Utfor 4. februar 2009 Val-d’Isère Super-G 21. februar 2009 Sestriere Storslalåm 28. november 2009 Lake Louise Utfor 22. januar 2010 Kitzbühel Super-G 23. januar 2010 Kitzbühel Utfor 6. mars 2010 Kvitfjell Utfor 22. januar 2011 Kitzbühel Utfor 29. januar 2011 Chamonix Utfor 13. mars 2011 Kvitfjell Super-G 26. november 2011 Lake Louise Utfor 21. januar 2012 Kitzbühel Utfor 28. januar 2012 Garmisch-Partenkirchen Utfor 24. februar 2012 Crans-Montana Super-G

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Didier Cuche» frå , den 8. februar 2013.

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sveits Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2002 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2006 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 2010