Røyrdrumar (Botaurinae) er ein underfamilie i hegrefamilien. Underfamilien omfattar i alt 14 nolevande artar i tre slekter som er utbreidde i heile verda, unntatt dei kaldaste områda på jorda. I Sentral-Europa, er underfamilien representert av to artar, nemleg arten røyrdrum og dvergrøyrdrum.
Røyrdrumar skil seg frå andre hegreartar med ei rekkje morfologiske eigenskapar og åtferdsmessige trekk. Inndelinga i ein eigen underfamilie er stadfesta ved genetisk testing. Den søramerikanske sikksakkhegren vart tidlegare rekna som nærskyld tigerhegrar, men er no rekna som medlem av røyrdrumar.
Skildring Røyrdrumartane er samla sett små til middels store, og tettbygde til hegrar å vere, med relativt kort og tjukk hals. Dei fleste har ei brunleg fjørdrakt. Skiferrøyrdrum og gulhalsrøyrdrum har med sine skiferfarga brun til svartbrune overside den mørkaste fjørdrakta. Alle artar har til felles at undersida er lysare enn oversida og hals og bryst og halsen har brunlege striper. Berre orientrøyrdrum skil seg ut frå dei andre artane ved at dei berre har ei langsgåande stripe. Nebba til røyrdrumartane er relativt korte og hornfarga, sterk gule til gulgrøne, og i nokre få artar òg i mørkegrønt til svart.
Dei minste artane er dei i slekta Ixobrychus. Den afrikanske skiferrøyrdrum til dømes, blir berre 27 til 30 centimeter i kroppslengd og veg 142 gram Kushlan et al., S. 329, pygmérøyrdrum blir opp til 36 cm, men veg mindre enn 100 gram. Kushlan et al., S. 310 Dei fire artane i slekta Botaurus er mellomstore hegrar. Hoer av den europeiske arten røyrdrum veg 817 til 1150 gram, hannane 966-1940 gram og har ei kroppslengd på 70 til 80 centimeter. Kushlan et al., S. 296 Alle røyrdrumartar har 10 halefjører.
Røyrdrumar er representerte med artar i Nord-Amerika og Sør-Amerika, Asia, Afrika, Australia, New Zealand og Europa. Nokre artar er trekkfuglar og nokre bestandar held seg ved hekkekoloniane året rundt. Røyrdrumar er bundne til vatn i livsmåten sin. Føretrekte habitat er eit tett vegetasjonsbelte langs ferskvatn. Spesifikt, treng røyrdrumar omfattande sivsenger. Ein art finnast òg i salte myrar og mangrovar.
Dietten til røyrdrumartane er svært variert og omfattar fisk, krepsdyr, froskar, rumpetroll, insekt og små pattedyr. Artane hekkar parvise eller i svært lause koloniar. Hekkesesongen varierer avhengig av utbreiingsområdet. Kulla varierer mellom eitt og sju egg.
Ettersom desse fuglane er lite synlege, er storleiken av populasjonen for dei fleste av artane av Ixobrychus-slekta ukjente. Men alle i Ixobrychus er likevel klassifiserte av IUCN som livskraftige. Australrøyrdrum er klassifisert som sterkt trua (EN) og sikksakkhegre som nær trua (NT).BirdLife International 2013
Artslista Røyrdrumar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Botaurus Tjukknebbrøyrdrum, B. pinnatus, Pinnated Bittern, Wagler, 1829, (LC) Amerikarøyrdrum, B. lentiginosus, American Bittern, Rackett, 1813, (LC) Røyrdrum, B. stellaris, Great Bittern, Linné, 1758, (LC) Australrøyrdrum, B. poiciloptilus, Australasian Bittern, Wagler, 1827, (EN)
Slekt Zebrilus Sikksakkhegre, Z. undulatus, Zigzag Heron, Gmelin, JF, 1789, (NT)
Slekt Ixobrychus Okerrøyrdrum, I. sinensis, Yellow Bittern, Gmelin, JF, 1789, (LC) Dvergrøyrdrum, I. minutus, Little Bittern, Linné, 1766, (LC) Svartryggrøyrdrum, I. dubius, Black-backed Bittern, Mathews, 1912, (LC) Orientrøyrdrum, I. eurhythmus, Schrenck's Bittern, Swinhoe, 1873, (LC) Kanelrøyrdrum, I. cinnamomeus, Cinnamon Bittern, Gmelin, JF, 1789, (LC) Skiferrøyrdrum, I. sturmii, Dwarf Bittern, Wagler, 1827, (LC) Gulhalsrøyrdrum, I. flavicollis, Black Bittern, Latham, 1790, (LC) Pygmérøyrdrum, I. exilis, Least Bittern, Gmelin, JF, 1789, (LC) Striperøyrdrum, I. involucris, Stripe-backed Bittern, Vieillot, 1823, (LC)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dommeln» frå , den 18. februar 2013. oppgav desse kjeldene: James A. Kushlan & James A. Hancock: Herons. Oxford University Press, 2005, ISBN 0-19-854981-4
BirdLife International (2013) Species factsheet: Botaurus poiciloptilus . Henta frå http://www.birdlife.org den 18. februar 2013 BirdLife International (2013) Species factsheet: Zebrilus undulatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. februar 2013 Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hegrefamilien