Alenka Bratušek () er ein slovensk politikar som representerer Pozitivna Slovenija (PS). Ho var statsminister frå februar 2013 til september 2014, og var den fyrste kvinnelege statsministeren i Slovenia sidan sjølvstendet i 1991.

Bakgrunn Alenka Bratušek har ein mastergrad i administrasjon frå universitetet i Ljubljana. Etter studietida arbeidde ho i seks år som leiar for statsbudsjettdirektoratet ved det slovenske finansdepartementet.

Politisk karriere Bratušek freista å koma inn på nasjonalforsamlinga for partiet Zares i 2008, men utan hell. Under valet i 2011 vart ho innvald som parlamentsmedlem som representant for Pozitivna Slovenija. Sidan dette valet har Bratušek vore formann for parliamentet sin budsjettskontrollkomitté.

I 2013 vart Bratušek sett som midlertidig leiar for Pozitivna Slovenija etter at forgjengaren Zoran Janković trekte seg frå alle verv grunna ein rapport frå komitéen som arbeider mot korrupsjon i landet. Som følgje av den same rapporten vart koalisjonsregjeringa til Janez Janša (det slovenske demokratiske partiet), vist mistillit. Pozitivna Slovenija, Sosialdemokratane, Dei liberale og Pensjonistpartiet bestemte seg for å nytta Bratušek som ny statsministerkandidat. Den 27. februar fekk den politisk ukjende Alenka Bratušek i oppdrag å danna ny regjering i Slovenia i løpet av to veker. Frankfurter Allgemeine Zeitung, 27.02.13: Slowenien: Vier Parteien suchen einen Anfang (tysk)

Regjeringa Bratušek stod klar etter ei avrøysting den 20. mars, der 52 av 90 folkerepresentantar røysta for den nye koalisjonsregjeringa. Regjeringa stod framfor store utfordringar grunna økonomiske vanskar i landet. Frankfurter Allgemeine Zeitung, 20.03.13: Vier-Parteien-Koalition: Slowenien hat neue Mitte-Links-Regierung (tysk)

Privatliv Alenka Bratušek er busett i Kranj med sambuaren sin. Ho har ein son og ei dotter.Interview with Alenka Bratušek, Siol.net, 11. mars 2012, vitja 28. januar 2013

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alenka Bratušek» frå , den 23. mars 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Slovenske politikarar Kategori:Statsministrar i Slovenia